Study Programmes 07/08 / Courses / FACULTY OF TEACHER EDUCATIO... / FP332 900 Fagleg-pedagogisk studium i samfunnsfag - deltid.  

FP332 900 Fagleg-pedagogisk studium i samfunnsfag - deltid.

Kode
FP332 900

Namn
Fagleg-pedagogisk studium i samfunnsfag - deltid.

Studiepoeng
13.00

Kategori
Obligatorisk fag i 3-årig førskulelærarutdanning. Rammeplan av 2003.



Tid
4. studieår: 13 studiepoeng



Mål for emnet

Gjennom samfunnsfag skal studentane bli i stand til å analysere barns oppvekst i ein samfunnsmessig samanheng. Dei skal kunne ivareta samfunnsfaglege perspektiv i barnehagen og dei skal kvalifisere seg for den profesjonelle yrkesrolla som førskulelærar.

Innhald / oppbygging

7. og 8. semester: Profesjonalitet og samfunn
Familie og samfunn:
• Kunnskap om familie og barndom i historisk tid, nåtid og framtidsperspektiv
• Ulike familieformer og ulikskap i barn sine oppvekstvilkår
• Familiepolitikk og velferdsstat
• Kunnskap om barnehagen i det politisk-administrative system
• Reflektert til omgrep som kjønnsskilnader, likestilling og sosial ulikskap
• Innsikt i den leirkulturelle barndom, gi studentane verkty til å bevisstgjere seg korleis dei med respekt skal møte barn og foreldre med ulik bakgrunn
• FN sin konvensjon om menneskerettar og barnekonvensjonen
På veg til yrket
• Innsikt i førskulelæraren si profesjonelle rolle i høve til barna sine foreldre, barnehagen sin eigar, samarbeidspartnar utanfor barnehagen og til nærmiljøet
• Kunnskap om aktuelt lovverk, om teieplikt og personvern og om det juridiske grunnlaget for førebyggjande barnevern
• Profesjonelt grunnlag for å kunne arbeide tverretatleg i barnehagen og det første året i skulen
• Kunnskap om organisasjonsteori og organisasjonskultur
• Kompetanse i ulike leiaroppgåver
• Kompetanse til organisasjonsutvikling i barnehagen

Undervisnings- og læringsformer

Studiet er organisert med vekesamlingar i Sogndal og studiegrupper lokalt. Arbeidsformer på samlingane er førelesingar, studentaktive- og problembasertelæringsformer med arbeid individuelt og i grupper. Arbeidsformene på samlingane, i lokale grupper og individuelt byggjer på at IKT vert nytta, og læringsplattforma er Classfronter. Mellom samlingane ligg aktiv bruk av lokale studiegrupper og undervisninga vil i større grad enn elles leggje til grunn at det vert arbeidd etter einplan mellom samlingane. IKT skal understøtte læringa og auke samhandlinga mellom studentane på felles- og gruppesamlingar, mellom enkeltstudentar og mellom studentar og faglærarar (informasjon, dialog og rettleiing).
Teoretisk innsikt og opplevd aktivitet skal danne grunnlag for studentane når dei skal planleggje, legge til rette, gjennomføre og vurdere pedagogisk arbeid med barn, både inne og ute.

I studiet er mapper elektoniske, om ikkje anna er sagt.

Praksis

20 veker praksis integrert i fagstudiet over fire studieår. Sjå eigen plan for praksis.

Arbeidskrav

- Obligatorisk frammøte til samlingane i Sogndal
- Arbeid i lokale grupper
- Individuell munnleg framlegg av eit dagsaktuelt tema
- ei skriftleg oppgåve knytt til eit samfunnsfagleg tema
- ei skriftleg oppgåve knytt til eit tverrfagleg tema
- Praksis, førebuing og etterarbeid
- Greidd praksis

Sluttvurdering

4. studieår: Vårsemesteret
FP332 900 Samfunnsfag: - Munnleg, individuell eksamen med spørsmål frå innleverte oppgåver og kjernepensum.
Vekting: 100 %

Pensum

Førebels pensumlitteratur vil ligge føre ved studiestart. I tillegg til det fastlagde pensumet, skal studentane kvart år legge opp eit visst tal sider med sjølvvalt pensumlitteratur. Desse sidene skal godkjennast av faglærar. Endeleg litteraturliste skal ligge føre innan oppmeldingsfristen til eksamen. For haustsemesteret er denne fristen 15. september og for vårsemesteret 15. februar. Pensumlista ligg på faget sine internettsider.