Study Programmes 07/08 / Courses / FACULTY OF TEACHER EDUCATIO... / LI300 100 Kristendoms-, religions- og livssynskunnskap del 1  

LI300 100 Kristendoms-, religions- og livssynskunnskap del 1

Kode
LI300 100

Namn
Kristendoms-, religions- og livssynskunnskap del 1

Studiepoeng
10.00

Kategori
Obligatorisk fag i den 4-årige allmennlærarutdanninga etter Rammeplan av 2003. Heiltid og deltid.

Tid
haustsemesteret, 2.studieår heiltid og 3.studieår deltid

Mål for emnet
  • Studenten skal utvikle kompetanse i å forstå norsk kultur og tradisjon og den fleirkulturelle røyndommen gjennom studiet av religionar, livssyn og etikk
  • Emnet skal byggje opp under felles verdiar og fremje toleranse og aksept for ulikskap
  • Gjennom studiet skal studenten bli i stand til å planleggje, gjennomføre og vurdere KRL-opplæring på ein sjølvstendig og fagleg gjennomtenkt måte
Innhald / oppbygging

KRL 1 inneheld desse tre målområda:

  • Fagleg og fagdidaktisk kunnskap om kristendomens heilage tekstar og om andre religionar
  • Å vere lærar i KRL

Vektinga mellom kristendom og andre religionar og livssyn skal vere om lag som i læreplanen for grunnskulen.

I rammeplanen er det sett opp målformuleringar under kvart av dei tre målområda. Målformuleringane seier kva studentane skal ha tileigna seg etter avslutta KRL-studium. Kritisk og etisk vurdering av nettbaserte ressursar vert særleg vektlagt i studiet.

Samarbeid mellom fag og utdanningar:

  • Tema 5 Fleirkulturelt mangfald og internasjonale perspektiv: pedagogikk, matematikk, norsk, KRL
  • Tema 7 IKT som hjelp til kommunikasjon og læring
    Digitale verktøy skal nyttast i alle fag, og med særskilt ansvar slik:
    - Bruk av Digitale presentasjonsprogram: KRL
Undervisnings- og læringsformer

Tre prinsipp er basis for faget:
1.Eigenaktivitet og forpliktande samarbeid i ulike gruppestorleikar.
2.Yrkesrelevante arbeidsformer.
3.Variasjon i bruk av aktivitetar.

Biblioteket er ein sentral samarbeidspartnar.
IKT blir nytta som læringsverktøy i studiet.

Praksis

Sjå praksisplan for studiet.

Arbeidskrav

-praksisførebuing i praksisgruppe, godkjent praksis og etterarbeid.

-Før praksisperioden om hausten skal praksisgruppene arbeide ut eit tverrfagleg undervisningsopplegg som skal godkjennast av faglærar og øvingslærar.
-Obligatorisk oppmøte til delar av undervisinga. Kva delar dette gjeld går fram av undervisningsoversikta for emnet.

Sluttvurdering

LI300 100 KRL: Skriftleg, individuell eksamen
Eksamenstid: 4 timer

Pensum

Førebels pensumlitteratur vil ligge føre ved studiestart. Endeleg litteraturliste skal ligge føre innan oppmeldingsfristen til eksamen. Pensumlista ligg på faget sine internettsider.