Obligatorisk fag i den 4-årige allmennlærarutdanninga etter Rammeplan av 2003. Heiltid og deltid.
KRL 1 inneheld desse målområda:
- Fagleg og fagdidaktisk kunnskap om korleis kristendomen har vore/er til stades, historiske og aktuelle, samt om etikk og filosofi
- Å vere lærar i KRL
Vektinga mellom kristendom og andre religionar og livssyn skal vere om lag som i læreplanen for grunnskulen.
I rammeplanen er det sett opp målformuleringar under kvart av desse målområda. Målformuleringane seier kva studentane skal ha tileigna seg etter avslutta KRL-studium. Kritisk og etisk vurdering av nettbaserte ressursar vert særleg vektlagt i studiet.
Samarbeid mellom fag og utdanningar:
- Tema 2 Informasjonsinnhenting og kritisk haldning til informasjon: bibliotek, norsk, KRL
- Tema 4 Danning: pedagogikk, KRL
-
Tema 7 IKT som hjelp til kommunikasjon og læring:
Kritisk og etisk vurdering av nettbaserte ressursar. KRL og norsk har ansvaret.
Tre prinsipp er basis for faget:
1.Eigenaktivitet og forpliktande samarbeid i ulike gruppestorleikar.
2.Yrkesrelevante arbeidsformer.
3.Variasjon i bruk av aktivitetar.
Biblioteket er ein sentral samarbeidspartnar.
IKT blir nytta som læringsverktøy i studiet.
Sjå praksisplan for studiet.
-To skriftlege innleveringar i mappe, kan vere tverrfaglege.
-Obligatorisk oppmøte til delar av undervisinga. Kva delar dette gjeld går fram av undervisningsoversikta for emnet.
LI300 200 KRL: Skriftleg, individuell eksamen
Eksamenstid: 4 timer
Førebels pensumlitteratur vil ligge føre ved studiestart. Endeleg litteraturliste skal ligge føre innan oppmeldingsfristen til eksamen. Pensumlista ligg på faget sine internettsider.