Study Programmes 07/08 / Courses / FACULTY OF TEACHER EDUCATIO... / MA300 600 Matematikk 1, del 1  

MA300 600 Matematikk 1, del 1

Kode
MA300 600

Namn
Matematikk 1, del 1

Studiepoeng
10.00

Kategori
Obligatorisk fag i den 4-årige allmennlærarutdanninga etter Rammeplan av 2003.



Tid
Haustsemesteret, 1.studieår heiltid og 2.studieår deltid

Mål for emnet

Målet for del 1 saman med del 2 er å utvikle studentane sitt matematiske og personlege grunnlag for å undervise i matematikk i grunnskulen på ein fagleg trygg og reflektert måte. Det skal også gi eit fagleg grunnlag for å kunne utvikle seg som matematikklærar gjennom å tileigne seg ny kunnskap og nye arbeidsmåtar i faget.

For å nå disse måla må studentane tileigne seg gode kunnskapar i matematikk og matematisk/didaktisk refleksjon samt grunnleggjande kunnskapar i IKT.

Innhald / oppbygging
  • Fagleg og fagdidaktisk kunnskap i desse emna:
    - Tallære
    - Algebra og funksjonslære del I

Samarbeid mellom fag og utdanningar:

  • Tema 1 Entreprenørskap
  • Tema 5 Fleirkulturelt mangfald og internasjonale perspektiv
  • Tema 7 IKT som hjelp til kommunikasjon og læring
Undervisnings- og læringsformer

Tre prinsipp er basis for faget:

  • Eigenaktivitet og undervisning i ulike gruppestorleikar
  • Forpliktande samarbeid i grupper
  • Induktive og deduktive arbeidsformer

IKT vert nytta som verktøy i studiet.

Praksis

Sjå studieplan for praksis.

Arbeidskrav

2 stk. individuelle arbeid

Det er obligatorisk oppmøte til delar av undervisninga. Kva delar dette gjeld vil gå fram av undervisningsoversikta for emnet.

Sluttvurdering

MA 300 600 Individuell, skriftleg eksamen.
Eksamenstid: 4 timar

Pensum

Førebels pensumliste skal liggje føre ved studiestart. Endeleg pensumliste skal liggje føre innan oppmeldingsfristen til eksamen. Pensumlister ligg på matematikkseksjonen sine internettsider.