Study Programmes 07/08 / Courses / FACULTY OF TEACHER EDUCATIO... / MA300 700 Matematikk 1, del 2  

MA300 700 Matematikk 1, del 2

Kode
MA300 700

Namn
Matematikk 1, del 2

Studiepoeng
20.00

Kategori
Obligatorisk fag i den 4-årige allmennlærarutdanninga etter Rammeplan av 2003.

Tid
Vårsemesteret 1. studieår heiltid og 2.studieår deltid

Mål for emnet

Målet for del 1 saman med del 2 er å utvikle studentane sitt matematiske og personlege grunnlag for å undervise i matematikk i grunnskulen på ein fagleg trygg og reflektert måte. Det skal også gi eit fagleg grunnlag for å kunne vidareutvikle seg som matematikklærar gjennom å kunne tileigne seg ny kunnskap og nye arbeidsmåtar i faget.

For å nå disse måla må studentane tileigne seg gode kunnskapar i matematikk og matematisk/didaktisk refleksjon samt grunnleggjande kunnskapar i IKT.

Innhald / oppbygging
  • Fagleg og fagdidaktisk kunnskap i desse emna:
    - Algebra og funksjonslære del II
    - Geometri
    - Statistikk og sannsynsrekning.

Samarbeid mellom fag og utdanningar

  • Tema 7 IKT som hjelp til kommunikasjon og læring
Undervisnings- og læringsformer

Tre prinsipp er basis for faget:

  • Eigenaktivitet og undervisning i ulike gruppestorleikar
  • Forpliktande samarbeid i grupper
  • Induktive og deduktive arbeidsformer

IKT vert nytta som verktøy i studiet.

.

Praksis

Sjå studieplan for praksis.

Arbeidskrav

4 arbeidskrav. Av desse er det
- 1 stk. refleksjonsnotat i gruppe i høve praksis
- 3 stk. individuelle arbeid

Det er obligatorisk oppmøte til delar av undervisninga. Kva delar dette gjeld vil gå fram av undervisningsoversikta for emnet.

Sluttvurdering

MA 300 701 Individuell, munnleg eksamen
Vekting: 20 %
MA 300 702 Individuell, skriftleg eksamen.
Eksamenstid: 5 timar
Vekting: 80 %

Pensum

Førebels pensumliste skal liggje føre ved studiestart. Endeleg pensumliste skal liggje føre innan oppmeldingsfristen til eksamen. Pensumlister ligg på matematikkseksjonen sine internettsider.