Obligatorisk fag i den 4-årige allmennlærarutdanninga. Heiltid og deltid. Rammeplan av 2003.
1. og 2. studieår, haust- og vårsemesteret
Generell studiekompetanse
Undervisninga er organisert i storgruppe, seminargruppe og basisgruppe, med ulike undervisningsformer i dei ulike gruppene. Biblioteket er ein sentral samarbeidspartnar. IKT er eit viktig læringsverkty, og studentaktive læringsformer står sentralt.
Sjå studieplan for praksis.
Tilbod om nabospråksutveksling til Odense eller Falun, ei veke.
- Det er obligatorisk oppmøte til delar av undervisninga. Kva delar dette gjeld, skal gå fram av arbeidsplan for studiet
- Tverrfagleg samarbeid om oppstart av studiet
- Praksis: førebuing, gjennomføring og etterarbeid
- Ei munnleg framføring første eller andre studieår
- Skrivemappe: Ei samling tekstar i begge målformer, både individuelle tekstar og gruppetekstar
a) 1. studieår: Skrivemappe med tekstar i ulike sjangrar
b) 2. studieår: Skrivemappe med fagtekstar frå dei ulike
emneområda i faget
1. studieår: Vårsemesteret
a) NO350 401 Individuell, munnleg eksamen
Vekting: 15 %
b) NO350 402 Individuell, skriftleg eksamen
Eksamenstid: 5 timar
Målform: trekt av skulen
Vekting: 30 %
2. studieår: Vårsemesteret
c) NO350 403 Mappevurdering
To individuelle tekstar frå skrivemappa, 1 tekst trekt av skulen frå arbeidsmappa 1. og 2. studieåret, den andre teksten skal vere den siste, ukommenterte teksten frå arbeidsmappa 2.studieåret.
Vekting: 25 %
d) NO350 404 Individuell, skriftleg eksamen
Eksamenstid: 5 timar
Målform: motsett målform av skuleeksamen 1.studieåret.
Vekting: 30 %
Førebels pensumliste skal ligge føre ved studiestart. Endeleg pensumliste skal ligge føre innan oppmeldingsfristen til eksamen. For haustsemesteret er denne fristen 15. september og for vårsemesteret 15. februar. Pensumlistene ligg på norskseksjonen sine internettsider.