KJ415 Kjemi

Kode
KJ415

Namn
Kjemi

Studiepoeng
10.00

Kategori
Obligatorisk emne i bachelorstudiet i Anvendt geologi med petroleumsrelaterte fag.

Tid
Haust blokk 3.

Mål for emnet

Studentane skal kunne gjere greie for dei viktigaste omgrepa innan generell kjemi. Dei skal kunne løyse rekneoppgåver ut frå gitte data. Dei skal kunne handsame laboratorieutstyr på rett måte, og arbeide raskt og nøyaktig på laboratoriet.

Forkunnskapar

Kjemikunnskapar som tilsvarar 2KJ på vidaregåande skule. Studentar med dårlegare fagleg bakgrunn enn dette, vert rådde til å kjøpe boka Chemica (Jan Sire, Fagbokforlaget) og drive sjølvstudium i kapittel 1, 2 og 3 før forkurset i kjemi som tek til i byrjinga av august.

Innhald / oppbygging

Kurset tek føre seg oppbygginga hos atom og molekyl, mol-omgrepet, gasslovene, det periodiske systemet, kjemiske jamvekter, syre-base teori, bindingsteori og organisk kjemi.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, rekneøvingar, seminar og laboratoriearbeid.

Arbeidskrav

Godkjend laboratoriejournal. Godkjende gruppeoppgåver. Godkjende individuelle oppgåver.

Sluttvurdering

Skriftleg eksamen 4 timar. Bokstavkarakter.

Lovlege hjelpemiddel: Enkel kalkulator, periodisk system, tabellverket ChemicaData.

Pensum

Sire, Jan 1998: Chemica. Lærebok i generell kjemi, 2.utgåve. Fagbokforlaget.
Sire, Jan 1996: Studiebok i generell kjemi, Fagbokforlaget.
Sire, Jan 1995: ChemicaData. Tabell og formelsamling i generell kjemi. Fagbokforlaget.
Sire, Jan 2004: Laboratoriekurs i generell kjemi. HSF kompendium.