Få kunnskap om: Språket som verktøy for god kommunikasjon, samanhengen mellom sendar, mottakar, situasjon, mål, innhald og form i ein kommunikasjonsprosess, grammatikk, språklege, stilistiske og grafiske verkemiddel, dei viktigast sjangrane i skjønnlitteratur og sakprosa, norsk litteratur med hovudvekt på tida etter 1940, hovudtrekk i språksituasjonen og språkutviklinga i Noreg, massemedia og korleis dei fungerer, prosjektarbeid
Utvikle ferdigheiter i: Å bruke språket som verktøy til kommunikasjon skriftleg og munnleg i ulike sjangrar, å bruke mål- og mottakaranalyse, å bruke IKT-hjelpemiddel, å strukturere stoff, å gjere greie for fagleg kunnskap, å vurdere/kommentere tekstar av ulike sjangrar i litteratur og sakprosa, å kunne uttrykke seg både på hovudmålet og sidemålet, å tileigne seg kunnskap og informasjon gjennom ulike kanalar, å planlegge, gjennomføre og presentere prosjektarbeid
Tileigne seg haldningar i: Å bli trygg på seg sjølv og eigen identitet, å bli språkleg, kulturelt og samfunnsmessig bevisst om allmenndanninga sin eigenverdi, god kommunikasjon si tyding for arbeids- og samfunnsliv
Vert undervist med 8 timar i veka.
Informasjonsinnhenting og samarbeid
Litteratur
Språket og kommunikasjonsprosessen
Skriftleg framstilling
Munnleg framstilling
Prosjektarbeid
Sidemål
Førelesingar og øvingsoppgåver, individuelt og i gruppe. Innlevering av mappetekstar jamnt fordelt over året og ei mindre særoppgåve i sentrale emne.
Gjennomføring av prosjektarbeid med rapport og munnleg presentasjon.
Delkode 002 Mappe (vekt 50%, innlevering av 5 tekstar frå mappa). Ved stryk i mappa kan eksisterande tekstar forbetrast og leverast på nytt påfølgande semester.
Delkode 001 Skriftleg eksamen, 5t (50%). Hjelpemiddel: Ordlister
Begge delar må vere greidd for at emnet skal vere greidd.
Karlsen, Terje: Kommunikasjon. Målstyrt samarbeid og informasjon. Gyldendal 2005. Kap. 1, 2, 5, 7, 8 og 9.
Janssen m.fl. : Tema, Vk.2. Det Norske Samlaget: Utvalde kapittel i samråd med lærar
Div. tekstar utdelte i løpet av studieåret