FK207 Fysikk, tresemester

Kode
FK207

Namn
Fysikk, tresemester

Studiepoeng
0.00

Kategori
Obligatorisk emne for tresemesterordning



Tid
Første året


Mål for emnet

Faget skal gje ei innføring i sentrale delar av fysikkfaget for studentar som ikkje har 2FY frå vidaregåande skule. Studentane skal få grunnleggjande kunnskapar innan optikk, bølgjer, termofysikk, mekanikk, atomfysikk og kjernefysikk. Studentane skal nå det same kunnskapsnivået som studentar som har 2FY frå vidaregåande skule i dei emna vi tek opp.

Forkunnskapar

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Innhald / oppbygging

Innføring i naturvitskapleg arbeidsmåte
Lys
Bølgjer
Interferens
Fysikk som målefag
Rettlinja rørsle
Kraft og rørsle
Arbeid og energi
Fysikk i væsker og gassar
Termofysikk
Atomfysikk
Kjernefysikk
Rapportskriving (lab)

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, rekneøvingar og lab. arbeid (til saman ca. 84 t).
1 skriftleg innlevering. Prøvar (Ein 2-timarsprøve og ein heildagsprøve (4t)).

Arbeidskrav

Minst 90% frammøte. 4 godkjende labøvingar.

Sluttvurdering

Mappe: Ei skriftleg innlevering, ein 2-timars prøve, ein heildagsprøve (4t).
Hjelpemiddel ved prøvane: Alle trykte og skrivne. Kalkulator

Pensum

Jerstad / Sletbak/Grimnes: Rom-Stoff-Tid. Forkurs ingeniørutdanning og maritim høgskoleutdanning. Cappelen. Siste utgåve. Kap. 1 – 6 og 9 – 10 og 12 – 16 er pensum.
Jerstad / Sletbak / Grimnes: Rom Stoff Tid. Forkurs ingeniørutdanning og maritim høgskoleutdanning. Studiebok. Cappelen. Siste utgåve