Sommarsemester før 1. året.
Faget skal gje ei innføring i dei matematiske emna som ingeniørutdanninga byggjer på for studentar som har 1MA eller tilsvarande frå vidaregåande skule. Studentane skal nå det same kunnskapsnivået innan dei vesentlege delane av pensum i 2MX og 3MX frå vidaregåande skule som studentar med spesiell studiekompetanse. Studentane skal få grunnleggjande kunnskapar innan aritmetikk og algebra, likningar og ulikskapar, funksjonslære, trigonometri, vektorrekning, talfølgjer og rekker.
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Aritmetikk og algebra
Funksjonar
Likningar og ulikskapar
Geometri
Derivasjon
Integrasjon
Differensiallikningar
Talfølgjer og rekker
Førelesingar og oppgåveløysing individuelt og i gruppe (til saman ca. 170 timar). Prøvar (2 to-timarsprøvar og 1 heildagsprøve).
Mappe: To 2-timars prøvar og ein heildagsprøve (5t)
Hjelpemiddel ved prøvane: Alle skrivne og trykte. Kalkulator.
Tore Oldervoll, Odd Orskaug, Audhild Vaaje: Sinus. Matematikk for ettårig forkurs. Cappelen. Siste utgåve.Kap. 1 – 17 er pensum.
Tore Oldervoll, Odd Orskaug, Audhild Vaaje: Sinus. Matematikk for ettårig forkurs. Oppgavesamling. Cappelen. Siste utgåve.