2. år, haustsemesteret
Emnet tek sikte på å gi forståing for individet si åtferd og haldningar i organisasjonar, korleis ein fattar vedtak, og korleis samspelet mellom individ fungerer i organisasjonar. Siktemålet er å gi studentane eit sett nyanserte og kraftfulle måtar å forstå organisasjonar på, og evne til å tenkje organisasjonsteoretisk i høve til problem knytt til administrasjon og leiing. I tillegg vil emnet gi ei grunnleggjande innføring i leiing. Spesiell vekt vert lagt på ei referanseramme for å analysere leiarfunksjonen.
Ingen, utover opptakskrav.
1. Organisasjonspsykologi, utdrag frå kapittel i Kaufmann & Kaufmann:
Psykologi på organisasjonsarenaen
Motivasjon
Emosjonar
Personlegdom
Persepsjon
Læring
Problemløysing, avgjerder og kreativitet
Haldningar og jobbtilfredsheit
2. Gruppepsykologi
3. Leiing og samspel: Frå mellomleiing til toppleiing
4. Leiing, kompetanse og omstilling, utdrag frå Berg, Martinsen og Thompson:
Sjølvleiing: leie medarbeidarane til å leie seg sjølv
Leiing og leiarutvikling
Kompetanseendring
5. Leiarutvikling, utdrag frå kapittel i Berg:
Referanserammer
Ingen. Studentane vert tilrådde å danne kollokviegrupper som arbeider med pensum og caseoppgåver utanom førelesingane.
Skriftleg eksamen, 4t. Ingen hjelpemiddel.
Kaufmann, G. og Kaufmann, A.: Psykologi i organisasjon og ledelse, 2. utg., Bergen: Fagbokforlaget 1998.
Berg, M. E.: Lederutvikling: Situasjon - virkemidler – belønning, 2. utg., Oslo: Cappelen akademisk forlag1996.
Berg, M.E., Martinsen,Ø., og Thompson, G.: Ledelse, Kompetanse og Omstilling, Oslo: Universitetsforlaget 1998