2. år, vårsemesteret
Faget skal gje studentane eit grunnlag for bruk av statistikk i dei tekniske faga. Studentane skal få ei innføring i riktig informasjonshandsaming, og forståing for korleis statistiske metodar kan nyttast i ei planlegging-, kontroll-, tolking- og avgjerdsfase.
Byggjer på MA214, eller tilsvarande.
–Deskriptiv statistikk
–Sannsynlegheitsrekning
–Diskrete og kontinuerlege
sannsynlegheitsfordelingar
–Punktestimering og intervallestimering
–Hypotesetesting
–Lineær regresjonsanalyse
–Enkel korrelasjonsanalyse
–Simulering
–Statistisk prosesskontroll
–Bruk av dataverktøy
Førelesingar, rekneøvingar og øvingar i bruk av statistikkprogram (MINITAB). Obligatoriske innleveringar, mellom anna med MINITAB.
Skriftleg eksamen, 4t. Hjelpemiddel til eksamen: Alle skrivne og trykte. Kalkulator. 50% av oppgåvene til eksamen vil ha tilknyting til ei fagoppgåve som vert levert ut 2 veker før eksamen. Løysinga av fagoppgåva må takast med på eksamen.
Hagen, Per Chr: "Innføring i sannsynlighetsregning og statistikk", siste utgåve, Cappelen Akademiske Forlag.
John Haugan: "Formler og tabeller", NKI.