DA218 Datamaskinar

Kode
DA218

Namn
Datamaskinar

Studiepoeng
6.00

Kategori
Obligatorisk emne i ingeniørstudiet (data og elektro)

Tid
2. år data, 3. år elektro, haustsemesteret



Mål for emnet

Emnet skal gi kunnskap om den logiske oppbygginga av ei datamaskin. Studenten skal få innsikt i dei ulike funksjonelle og fysiske elementa i maskina, korleis dei verkar saman, og korleis dei blir kontrollerte av programvare på ulike nivå. Studenten skal også få kjennskap til andre mikroprosessorsystem enn den vanlege PC-en.

Forkunnskapar

Byggjer på DA200, EL203 OG EL204 eller tilsvarande.

Innhald / oppbygging

– Prosessor og viktige integrerte krinsar
– Intern kommunikasjon
– Interne / eksterne lager
– Inn / ut system
– Moderne arkitektur
– Maskinnær programmering

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar (om lag 70%) og øvingar (om lag 30%).

Arbeidskrav

3 godkjende øvingar.

Sluttvurdering

Mappe(Vekt 40%). Skriftleg eksamen, 4t. (Vekt 60%)
Hjelpemiddel: Utdelt på eksamen. Kalkulator: Alle.
Begge delar må vere greidd for at emnet skal vere greidd. Dersom ein student ikkje klarer ein av vurderingsdelane, kan vedkommande ta opp att denne seinare.