3. år, vårsemesteret
Hovudprosjektet skal gje kandidaten øving i å planleggje, gjennomføre og dokumentere løysinga på ei oppgåve.
1. og 2. klassefag i ingeniørutdanninga eller tilsvarande. Greidd eksamen i minst 120 studiepoeng frå 1., 2. og 3. årskurs i ing. utdanninga.
Prosjektet skal vere praktisk og/eller teoretisk, helst eit utviklings-/ utgreiingsprosjekt for industrien/næringslivet eller offentleg forvaltning. Hovudprosjektet kan omfatte: planlegging - kostnadsoverslag - litteraturstudium - prosjektering - konstruksjon - større målingar/undersøkingar - måleresultat - utvikling av eventuell prototype - dokumentasjon/rapport. Det vert lagt opp til oppgåver i nært samarbeid med verksemder i fylket.
Prosjektarbeid med rettleiing, normalt i grupper på 2 til 4 kandidatar.
Gjennomført munnleg presentasjon av hovudprosjektet
Skriftleg sluttrapport med dokumentasjon og prototype (modell) der dette finst.