Study Programmes 07/08 / Courses / FACULTY OF ENGINEERING AND... / DA219 Algoritmar og datastrukturar  

DA219 Algoritmar og datastrukturar

Kode
DA219

Namn
Algoritmar og datastrukturar

Studiepoeng
6.00

Kategori
Obligatorisk emne i ingeniørstudiet (data)



Tid
2. år, haustsemesteret



Mål for emnet

Emnet omfattar ulike måtar å organisere data på (datastrukturar) og framgangsmåtar (algoritmar) for å byggje opp slike strukturar, samt søkje og sortere i dei o.l. Det er lagt vekt på å lage raske og effektive algoritmar.

Forkunnskapar

Byggjer på DA200, eller tilsvarande.

Innhald / oppbygging

–Datastrukturar (tabell, stakk, kø, liste, tre og graf)
–Søkjealgoritmar
–Sorteringsalgoritmar
–Rekursiv programmering
Java blir nytta som programmeringsspråk.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og øvingar, om lag jamt fordelt.

Arbeidskrav

3 godkjende øvingar.

Sluttvurdering

Mappe(Vekt 30%)
Skriftleg eksamen, 5t. (Vekt 70%). Hjelpemiddel: Blir utlevert på eksamen.
Begge delar må vere greidd for at emnet skal vere greidd. Dersom ein student ikkje klarer ein av vurderingsdelane, kan vedkommande ta opp att denne seinare.

Pensum

Mark Allen Weiss: Data Structures & Problem Solving using JAVA, Addison-Wesley, siste utgåve