2. år, vårsemesteret
Gjennom grunnleggjande kjennskap til komponentar, programvare, teknologi og standardar skal studenten få kunnskap om planlegging, installering og drift av eit nettverkssystem. Studenten skal også få praktisk erfaring gjennom å prøve ut aktuelle problemstillingar i praksis.
Byggjer på DA200, eller tilsvarande.
–Generelt om nettverk
–Programvare
–Nettverkskomponentar og konfigurering av dess
–Overføringsmedia
–Kabling og installasjon
–Vedlikehald, drift og feilsøking
–Tryggleik
– Praktiske problemstillingar
Førelesingar (om lag 70%) og øvingar (om lag 30%).
Mappe (Vekt 30%).
Skriftleg eksamen, 4t (Vekt 70%). Hjelpemiddel: Ingen.
Begge delar må vere greidd for at emnet skal vere greidd. Dersom ein student ikkje klarer ein av vurderingsdelane, kan vedkommande ta opp att denne seinare.