2. år, vårsemesteret
I grunnkurset blir objektorientert programmering gjennomgått relativt enkelt. I dette emnet vil ein gå vidare på dette. Studentane skal lære bruk av grafikk og grafiske brukargrensesnitt (GUI) og applets til bruk på internettsider. Dei skal også lære seg enkel fleirtrådsprogrammering.
Byggjer på DA200 eller tilsvarande.
-Objektorientert programmering: arv, polymorfi,abstrakte klassar, interface
-Grafisk programmering, bruk av GUI og hendingsstyrte
program
-Applets
-Handtering av unntak (exceptions)
-Fleirtrådsprogrammering (multi-threading)
Java blir nytta som programmeringsspråk
Førelesingar og øvingar, om lag jamt fordelt.
Mappe (Vekt 30%)
Skriftleg eksamen, 5t (Vekt 70%). Hjelpemiddel: Blir utlevert på eksamen.
Begge delar må vere greidd for at emnet skal vere greidd. Dersom ein student ikkje klarer ein av vurderingsdelane, kan vedkommande ta opp att denne seinare.