Study Programmes 07/08 / Courses / FACULTY OF ENGINEERING AND... / DA222 Operativsystem og systemprogramvare  

DA222 Operativsystem og systemprogramvare

Kode
DA222

Namn
Operativsystem og systemprogramvare

Studiepoeng
6.00

Kategori
Obligatorisk emne i ingeniørstudiet (data)



Tid
2. år, vårsemesteret

Mål for emnet

Emnet skal gi ein grunnleggjande kunnskap om korleis operativsystem og systemprogramvare blir brukt for å administrere og organisere ressursane i ei datamaskin, og korleis eit moderne fil- og operativsystem fungerer i praksis.

Forkunnskapar

Byggjer på DA200 eller tilsvarande.

Innhald / oppbygging

–Ulike typar operativsystem og den interne strukturen i desse
–Parallelle prosessar og trådar, synkronisering og vranglås
–Administrasjon av prosessorar og køyreplan algoritmar
– Virtuelt lager, indre lager og bakgrunnslager
–Filsystem og filadministrasjon
–Prosesskommunikasjon ved hjelp av systemkall
–Praktisk konfigurering og drift av ulike operativsystem

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og laboratorieøvingar, om lag jamt fordelt.

Arbeidskrav

3 godkjende øvingar.

Sluttvurdering

Mappe (Vekt 30%)
Skriftleg eksamen, 4t. (Vekt 70%)
Begge delar må vere greidd for at emnet skal vere greidd. Dersom ein student ikkje klarer ein av vurderingsdelane, kan vedkommande ta opp att denne seinare.