3. år, vårsemesteret
Studentane skal gå gjennom arbeidspraksis der dei får innsikt i praktiske og teoretiske oppgåver.
Praksis byggjer på alle tidlegare emne i studiet. Greidd 120 studiepoeng i ingeniørstudiet. Det kan søkast studieleiar om unnatak frå denne regelen
Praksisen skal vere relevant for den studieprofilen studenten legg opp til. Studenten skal ta del i og få innsikt i bedrifta sine praktiske arbeidsoppgåver. Han/ho bør trekkast inn i faglege diskusjonar og vere til stades på konferansar, seminar, kurs m.m.
Praksisperioden er på 17 dagar (6 studiepoeng) eller 34 dagar (12 studiepoeng). Arbeidsdagen er på 7.5 time. Studenten har ein rettleiar på praksisplassen, og ein kontakt på høgskulen. Det skal utarbeidast ein rapport i samarbeid med praksisverten.
Dagbok, signert av arbeidsgjevar, som fortel kort kva oppgåver ein har jobba med, dag for dag. Dagboka skal visast til kontaktpersonen ved høgskulen med jamne mellomrom. Det er krav om 90% oppmøte på arbeidsplassen. Alt fråvere skal vere dokumentert. Det skal også leverast praksisrapport etter nærare oppgitt mal. Innleveringsfrist vil stå i eksamensplanen.
Greidd/ikkje greidd basert på oppmøte, praksisdagbok og praksisrapport.