2. år, vårsemesteret
Faget skal gi grunnleggjande innføring i prosjekt som arbeidsform og dei ulike elementa som inngår i prosjektadministrasjon og -leiing. Gjennomføring av eit prosjektarbeid skal gi modning og utprøving av kunnskapane og utvikling av ferdigheiter, også i bruk av dataverktøy for prosjektstyring.
Prosjekt som arbeidsform, prosjektmodellar, utviklingsprosjekt, planlegging, nettverk-, ressurs- og aktivitetsplanlegging, dokumentasjon og presentasjon, prosjektøkonomi, ideutvikling og målformulering, kvalitetssikring, og dataverktøy for prosjektstyring. Det skal gjennomførast prosjekt der innhaldet vert fastsett ved semesterstart.
Førelesingar og øvingar, inkludert bruk av dataverktøy. Gjennomføring av prosjektarbeid
Godkjende obligatoriske innleveringar og framføringar etter plan utlevert ved semesterstart (undervegs i prosjektet og avsluttande rapport). Det vert stilt krav om deltaking i munnleg framføring av prosjektoppgåve.
Prosjektarbeid. Greidd/ikkje greidd.