Study Programmes 07/08 / Courses / FACULTY OF ENGINEERING AND... / PL453 Kulturminneforvaltning  

PL453 Kulturminneforvaltning

Kode
PL453

Namn
Kulturminneforvaltning

Studiepoeng
5.00

Kategori
Obligatorisk emne i bachelorstudiet i Landskapsplanlegging 2002 -2005 og 2003 - 2006 og studiet Kulturlandskapsskjøtsel, 30 sp.

Tid
3. studieår, haust

Mål for emnet

Emnet skal gje studentane kjennskap til oppbygging og verkemåte i kulturminneforvaltninga, kulturminnevernet sitt viktigaste arbeidsfelt og dei vanlegaste former for kulturminne.

Forkunnskapar

Generell studiekompetanse/ realkompetanse

Innhald / oppbygging

Emnet gjev eit breitt oversyn over generelle kulturhistoriske emne med gjennomgang av ulike typar kulturminne. Sentrale lovreglar blir gjennomgått. Vidare vert sentrale forvaltningsorgan (og forskingsmiljø) presenterte.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, ekskursjon og feltundervisning (2 dagar). Obligatorisk oppgåve.

Ekskursjonar

Ein heildagsekskursjon.

Arbeidskrav

Godkjend oppgåve.

Sluttvurdering

Skriftleg eksamen, 3 timar. Bokstavkarakter.

Pensum

Indrelid, S. 1994: Fornminnevern i kommunane. Kva lokalsamfunna sjølve kan gjera for å ta vare på minna om si eldste fortid. FOK - programmet sin skriftserie nr. 15. Norges Forskingsråd.
Miljøverndepartementet 1992: Handlingsplan for kulturminneforvaltning. T-891.
Lov om kulturminner av 9. juni 1978 nr 50 med endringar, sist av 8. januar 1993 nr 20.
Riksantikvaren 1987: Kulturminner fra nyere tid: Verneverdi og utvelgelseskriterier
Bø, S. og Eilertsen, T.F. 1994: Framover med fortida. Innføring i miljø- og kulturvernarbeid. 2. utgåva. Samlaget.
NOU 1996:7 : MUSEUM. Mangfold, minne, møtestad.
Fortidsforeningen 1988: Hus og stil.
Miljøverndept. 1992: Kulturminnevern og planlegging etter plan- og bygningsloven.
Østmo, E. 1988: Arkeologi for alle. Landbruksforlaget.
Christensen, A.L. 1996: Den norske byggeskikken. Pax.
Lidén, H.-E. 1991: Fra antikvitet til kulturminne. Universitetsforlaget