EN2-300 Studentbedrift

Kode
EN2-300

Namn
Studentbedrift

Studiepoeng
10.00

Kategori
Valfritt emne i ingeniørstudiet.

Tid
Haust - og vårsemesteret.

Mål for emnet

Emnet skal gi studentar innføring i verdiskaping og nyskaping i arbeids- og næringsliv, og styrke samarbeidet mellom næringslivet og skulen. Studentane skal i løpet av studieåret drive ei studentbedrift frå start til avvikling, med hjelp frå rådgivarar ved skulen og ein mentor frå næringslivet.

Forkunnskapar

Ingen.

Innhald / oppbygging

Studentane skal opprette, drive og avvikle ei minibedrift. Malen for studentbedrifter skal følgjast, kvar bedrift vil få utlevert detaljert oppsett. Med utgangspunkt i ein god forretningside skal det utarbeidast forretningsplan. Studentbedrifta skal registerast i Brønnøysund, det skal skaffast startkapital og bedrifta skal organiserast. Det skal utarbeidast ein marknadsplan. Bedrifta skal til slutt avviklast, og det skal skrivast ein sluttrapport.

Undervisnings- og læringsformer

Sjøvstendig arbeid, men med rådgivarar frå skulen og ein mentor frå næringslivet.

Arbeidskrav

Alle krav som vert stilte til studentbedrifter er arbeidskrav.

Sluttvurdering

Greidd/ ikkje greidd basert på sluttrapport.

Pensum

Pensum vert opplyst ved semesterstart.