Study Programmes 07/08 / Courses / FACULTY OF HEALTH STUDIES / Bachelor i sjukepleie etter... / PRAKSISSTUDIAR PRAKSISSTUDIAR 1., 2. og 3. studieår  

PRAKSISSTUDIAR PRAKSISSTUDIAR 1., 2. og 3. studieår

Kode
PRAKSISSTUDIAR

Namn
PRAKSISSTUDIAR 1., 2. og 3. studieår

Studiepoeng
90.00

Innhald / oppbygging

Praksisstudium utgjer 90 studiepoeng som er fordelt på direkte pasientretta praksisstudium 75 studiepoeng og trening i praktiske ferdigheiter, førebuing til og refleksjon over praksisstudium 15 studiepoeng.

Som i teoristudia legg ein til grunn ein forventa studieinnsats på 40 timar kvar veke, derav skal studenten sin praksis utgjere gjennomsnittleg 30 timar kvar veke.

I praksisstudia vil studenten ha direkte kontakt med pasientar og få erfaring med korleis sjukepleiar kan vurdere pasientar og setje i verk tiltak. Studenten vil møte menneske i ulike situasjonar, noko som vil kunne gi innsikt og erfaring. Studenten vil og få innblikk i korleis organisering og gjennomføring av arbeidet vert gjort i dei ulike praksisfelta. I tillegg vil ein stimulere studentane til bevisstgjering av rolleoppfatning og holdningar. Eit mål for praksisstudia er at studenten er bevisst og reflekterer over om eigen praksis er i samsvar med faglege krav.

Oversikt over omfang og område for direkte pasientretta praksis

Praksisområde

Omfang

1. studieår - Grunnleggjande sjukepleie

 

Kommunehelsetenesta sjukeheim

8 veker

2. studieår – Spesialisthelsetenesta ved somatisk sjukehus

 

Medisinsk avdeling

Inkl. hospitering ved føde/barselavdeling og medisinsk poliklinikk

10 veker

Kirurgisk avdeling

Inkl. hospitering ved operasjon/overvakingsavdeling og kirurgisk poliklinikk

10 veker

3.studieår – Kommunehelseteneste, psykisk helsearbeid og fordjuping

 

Kommunehelsetenesta/heimebaserte tenester/omsorgsbustader

8 veker

Psykisk helsearbeid i spesialisthelseteneste eller kommunehelseteneste

8 veker

Valfri fordjupingspraksis knytt opp mot avsluttande eksamen i sjukepleie

10 veker . 180 timar er direkte pasientretta praksis.

Trening i praktiske ferdigheiter, førebuing til og refleksjon over praksisstudia

Ferdigheiter vert lært gjennom utprøving og erfaring. Ferdigheiter let seg ikkje aleine formidle teoretisk, men krev øving. Bruk av sjukepleielaboratoriet i høgskulen sine lokale er ein måte å øve inn praktiske ferdigheiter på. I tabellen nedanfor er det skissert ei fordeling mellom studieåra. Innhaldet i den praksisretta undervisninga som er før ein går ut i direkte pasientretta praksis vil gå fram av planane for det enkelte studieår.

1.studieår - Praksisretta undervisning, demonstrasjonsundervisning, prosjektarbeid

2.studieår - Praksisretta undervisning, demonstrasjonsundervisning

3.studieår - Praksisretta undervisning, demonstrasjonsundervisning, problembasert læring i psykisk helsearbeid og avsluttande eksamen i sjukepleie.

Krav til studiedeltaking i praksis

Alle praksisstudiar er obligatoriske. Sjå eige reglement for obligatorisk studiedeltaking i undervisningskatalogen for avdeling for helsefag. Fråver frå hospitering vert vurdert for seg, og studenten må sjølv syte for at dette vert teke att.

Studentane skal i hovudsak følgje kontaktsjukepleiaren sine vakter for å sikre kontinuerleg oppfølging og rettleiing av studenten. Dette betyr at ein må fylgje turnusplanen til sin kontaktsjukepleiar med både dag-, kvelds-, og nattevakter, samt helgar.

Forventningar til dei ulike partane

Forventningar til studenten

  • Syner engasjement til fagleg og personleg utvikling
  • Er aktiv deltakar i arbeidsmiljøet. Dette inneber blant anna at studenten syner vilje til kontinuerleg problemløysing
  • Er aktiv i å oppsøkje læresituasjonar og å søkje rettleiing og vurdering
  • Tek kontakt med lærar og gjev melding ved eventuelle problem
  • Skal skrive arbeidsplan/vekeplan som synleggjer korleis målsetjinga skal nåast i løpet av praksis (gjerne i samarbeid med kontaktsjukepleiar). Studenten skal gjere tydeleg gjennom arbeidsplanen/vekeplan/dagsplan spesielle områder han/ho treng arbeide vidare med
  • Er godt førebudd og deltek på ein aktiv måte på forventningssamtale, halvtidsvurdering, sluttvurdering og på rettleiingsdagar
  • Tek ansvar for å setje opp turnusplan i tråd med gjeldande retningslinjer
  • Fylgjer krav til studiedeltaking og gir melding ved fråver
  • Gjennomfører arbeidskrav i praksis ut frå retningslinjene for det einskilde arbeidskrav
  • Arbeider med førebuing til undervisning og skriftleg arbeid, som skal leverast til lærar, utanom dei obligatoriske 30 t/pr.veke.

Forventingar til praksisstad/kontaktsjukepleiar

  • Er ressursperson for studenten og rettleiar i faglege spørsmål
  • Samarbeider med studenten om framdrift i praksis for å nå målsettinga
  • Gjev studenten auka utfordringar og ansvar i høve til den enkelte student si utvikling og vekst. Stiller faglege krav knytt til læresituasjonar i praksis
  • Vurderar studenten kontinuerleg
  • Er godt førebudd og deltek på ein aktiv måte i forventningssamtale, halvtidsvurdering og sluttvurderingvurderinga.
  • Tek kontakt med praksislærar ved eventuelle problem

Forventingar til høgskulen/praksislærar

  • Sørgjer for at praksisfeltet til ei kvar tid er orientert og informert om praksisprogram og studieopplegg
  • Rettleiar studentane i høve til teori og praksis
  • Rettleiar studentane i høve til skriftleg arbeid
  • Er støtteperson for student og kontaktsjukepleiar
  • Pliktar å vere orientert om den faglege utviklinga til studenten
  • Godkjenner studenten sin arbeidsplan/vekeplan for praksisperioden
  • Er godt førebudd og deltek på ein aktiv måte i forventningssamtale, halvtidsvurdering og sluttvurdering
  • Godkjenner turnusplan

Samtalar og vurderingar

Forventningssamtale

Tidspunkt: I løpet av dei fyrste 1-2 vekene.

Deltakarar : Student, lærar, kontaktsjukepleiar. Den kan organiserast slik at studenten, på bakgrunn av samtale med lærar, avtaler og gjennomfører eigen forventningssamtale med kontaktsjukepleiar.

Føremål :
Å klargjere læreføresetnadene til studenten ved at studenten orienterer om bakgrunn/tidlegare praksis, eigne mål og læringsbehov, og å klargjere dei ulike partane sine forventingar til kvarandre.

Studenten har ansvar for å samle alle vurderingsskjema, studentsamtalar og eventuelle varsel om ikkje greidd praksis i ei mappe. Denne mappa skal studenten ha med på forventningssamtalar knytt til praksistudia. Studenten skal bruke tidlegare vurderingar i sin plan for ny praksis.

Studenten skal lage ein vekeplan der han skisserer korleis han vil planlegge si læring for å nå måla. Ei grovskisse til vekeplan skal vere klar til første samtale.

Halvtidsvurdering

Tidspunkt: Innan 3 veker før praksisslutt

Deltakarar: Student, lærar, kontaktsjukepleiar.

Føremål :
Å klargjere kor langt studenten er komen i høve til formelle mål og eiga utvikling. Det skal klargjerast kva område studenten bør fokusere på vidare, og det skal leggast ein plan for vidare rettleiing og studieinnsats. Det skal komme fram om det er fare for at studenten kan få ikkje greidd praksis. Dette skal i så fall skrivast klart på studenten sitt evalueringsskjema. Eventuelt varsel om ikkje greidd praksis må vere gitt seinast når studenten formelt har tre veker att i praksis. Sjå nærmare spesifikasjon.

Sluttvurdering

Tidspunkt: Den siste tida studenten er i praksis.

Deltakarar: Student, lærar, kontaktsjukepleiar

Føremål :
Formelt godkjenne/ikkje godkjenne praksis. Ein skal vurdere utviklinga i høve dei punkta som kom fram på halvtidsevalueringa samt sjå på kva studenten bør arbeide vidare med i neste praksis.

Krav til rettleiing og vurdering

Rammeplan for 3-årig sjukepleiarutdanning av 7.januar 2000 stiller fylgjande krav til rettleiing og vurdering i praksisperioden i Forskrift om faglig innhold og vurderingsordninger for sykepleierutdanningen §4:

"Studenten har krav på vurdering underveis i praksisstudiene, og skal halvveis eller senest 3 uker før avsluttet periode få skriftleg melding dersom det oppstår tvil om godkjenning. Meldinga skal angi hva studenten ikke mestrer, og hvilke krav som må oppfylles for å bestå praksisstudiene. Dersom studenten i siste halvdel/de tre siste ukene viser atferd som åpenbart gir grunnlag for ikke bestått, kan det gis slik vurdering selv om forutgående melding ikke er gitt etter andre ledd.”.

Rammeplanen seier vidare at: ”Ved den endelige vurderingen skal, i tillegg til studenten, praksisveileder og en lærer ved høgskolen være tilstede. I tvilstilfelle skal vurderingen til læreren være avgjørende. Prosedyren må sikre at studenten har mulighet til å legge fram merknader.”

Kriterium for ikkje greidd praksis

Studenten sin praksis kan vurderast til ikkje greidd ut frå kriterium for ikkje greidd praksis. Varsel om ikkje greidd praksis bør ikkje komme som ei overrasking for studenten og skal fylgje ”Forskrift om faglig innhold og vurderingsordninger for sykepleierutdanningen §4” som er skissert ovanfor. Ved varsel om ikkje greidd praksis har praksislærar ansvar for å informere studieleiar.

Ikkje greidd praksis er ei vurdering som vert gjort ut frå ein eller fleire av fylgjande kriterium:

Studenten:

  • Bryt teieplikt eller etiske retningslinjer for sjukepleiarar
  • Manglar respekt for pasient eller pårørande
  • Viser manglande samarbeidsevne ovanfor pasientar og personalet
  • Handlar utover eigen kompetanse og ber ikkje om råd og rettleiing når ein er usikker
  • Ikkje har nødvendige og tilstrekkelege faglege kunnskapar i høve nivået ein er på i utdanninga
  • Viser liten grad av utvikling av praktiske ferdighetar i høve målsettinga
  • Ikkje utførar dei arbeidskrav som er tillagt den enkelte praksisperiode
  • Praktiserar dårleg orden eller hygiene i arbeidet
  • Ikkje greier å administrere og organisere eige arbeidet hensiktsmessig og rasjonelt tatt i betraktning det nivået studenten er på.
  • Viser manglande initiativ og interesse i praksis
  • Bryt avtalar eller møter upresist fleire gongar
  • Ikkje gjev melding ved fråvær
  • Er påverka av rusmiddel i arbeidstida
  • Ikkje administrerer medikament fagleg korrekt

Vurderingsskjema for praksisstudiar

Alle praksisstudiar blir vurdert til greidd/ikkje greidd. Det er utarbeidd eit vurderingsskjema til bruk ved all praksisvurdering. Skjemaet ligg i classfronter eller du finn det ved å klikke her!

Kopi av utfyllt vurderingsskjema skal oppbevarast i studenten si arbeidsmappe og skal framleggast ved oppstart av ny praksisperiode. Ved kvar avslutta praksisperiode skal original av vurderingsskjema leverast praksiskonsulent. Studenten har sjølv ansvar for å levere original av vurderingsskjema til studieadministrasjonen. Studenten må sikre seg kopi av vurderingsskjema til arbeidsmappa.

Praksis

1. Studieår: Praksisprogram for grunnleggjande sjukepleie

Praksis for grunnleggande sjukepleie utgjer 8 veker og skal gjennomførast på sjukeheim/omsorgssenter.

Det er knytt to arbeidskrav til praksisstudiane:

* Arbeidskrav nr.3 : Sjukepleieplan

* Arbeidskrav nr.2: Refleksjonsnotat i etikk

Spesfisering av arbeidskrava kjem fram av studieplanen og er nærmare spesifisert i dokument som ligg på Classfronter og på avdelinga si heimeside. Frist for innlevering av arbeidskrava blir avtalt med lærar i praksis.

Mål for praksisperioden

Vurdere pasienten sitt behov for sjukepleie
Med utgangspunkt i kunnskapar om menneskekroppen sin oppbygning og normale funksjon, og det som særpregar det eldre mennesket, skal studenten:

  1. Ha kunnskap om mennesket sine grunnleggande behov, observere og beskrive eventuell svikt i høve dette hos pasienten.
  2. Vurdere og foreslå relevante tiltak og realistiske mål med omsyn til å ivareta pasienten sine grunnleggande behov.
  3. Evaluere tiltak og mål.

Utøving av sjukepleie

  1. Studenten skal utøve sjukepleie på bakgrunn av observasjonar og vurderingar, og ta omsyn til pasienten sine ressursar. I tillegg skal han/ho utarbeide ein skriftleg plan for sjukepleien til ein pasient.
  2. Utvikle medvit om sjukepleiaren sitt faglege og etiske ansvar i pasientbehandlinga.
  3. Vise respekt for pasienten sin autonomi og integritet.
  4. Ivareta informasjon, kommunikasjon og samhandling med pasientar, medarbeidarar og pårørande.
  5. Ivareta pasienten sin tryggleik gjennom å ta omsyn til pasienten sine signal, stilling og leie, ikkje blottleggje eller utsetje han for ubehag.
  6. Ivareta hygieniske prinsipp med omsyn til arbeidsantrekk, handvask, tøy- og materiellhandtering.
  7. Utvikle praktisk dugleik i høve til planlegging, handlag, arbeidsstilling og forflytningsteknikk, tids- og ressursbruk, orden, estetikk, sjukepleiedokumentasjon; skriftleg og munnleg.
  8. Kunne utføre generelle prinsipp for utøving av sjukepleie til pasientar med generelle aldersforandringar og vanlege geriatriske lidingar (demens, hjerneslag og parkinson).

Fagleg ansvar

Studenten skal:

  1. utvikle medvit om kvalitetsmål og fagleg standard på arbeidsoppgåver i praksis.
  2. Gjere greie for val av arbeidsmetode og vurdere faremoment.
  3. Vurdere eigen kompetanse og be om rettleiing ved behov.
  4. Evaluere eige arbeid.
  5. Vere aktiv i høve til eiga utvikling av kunnskapar og ferdigheitar.
  6. Ivareta kontinuitet i oppfølging og omsorg for pasient(ar)

Milepelar i praksis

Gjennomføring av rettleiingsdagar

Studenten vel saman med kontaktsjukepleiar ein primærpasient som skal fylgjast opp gjennom praksisperioden. Studenten skal samle data og skrive pleieplan for primærpasienten, og ved første rettleiingsdag skal studenten ha starta datasamlinga og presentere denne for lærar. Studenten skal og utføre sjukepleie til andre pasientar i avdelinga.

Førrettleiing
Studenten(ane) gir rapport for sin(e) pasient(ar). Lærar og student(ar) drøfter korleis stellet skal gjennomførast. Det blir lagt vekt på at studenten kan grunngi sine føreslegne tiltak. Dagen vert planlagt i tid og arbeidsoppgåver blir fordelt. Studenten skal gjere greie for kva område han/ho har behov for rettleiing.

Gjennomføring
Studenten gjennomfører det som er planlagt med dei eventuelle endringar ein har kome fram til i førrettleiinga. Lærar deltek i sjukepleie til pasienten/pasientane slik studenten ynskjer og slik det fell naturleg. Det vert gitt kontinuerleg rettleiing og eventuelt demonstrasjon, korrigering og tilbakemelding til studenten når det er naturleg og naudsynt.

Etterrettleiing
Lærar og student drøfter det som er gjort og trekker konsekvensar for vidare sjukepleie innafor det området studenten har arbeidd med. Desse data skal førast vidare til ansvarleg sjukepleiar ved munnleg eller skriftleg rapport. Etterrettleiing kan gjerast individuelt eller med studentane samla.

2. studieår: Praksisprogram for sjukepleie til menneske med somatisk sjukdom og skade

I tillegg til dette praksisprogrammet er det utarbeida spesifiserte planar for kvar praksisavdeling. Desse er laga i samarbeid mellom praksisstadene og høgskulen, og ein finn dei i Classfronter.

Praksis for sjukepleie til menneske med somatiske sjukdommar og skader utgjer 20 veker der 10 veker er praksis på kirurgiske avdelingar og 10 veker er praksis på medisinske avdelingar. Halve kullet tek til i medisinsk praksis og halve kullet i kirurgisk praksis. Studentane skal ha i gjennomsnitt 30 timar obligatorisk praksis pr veke, dvs 300 timar på 10 veker. Praksisstudiet er praksis på relevante sengeavdelingar og hospiteringspraksis.

Det er knytt to arbeidskrav til praksisstudiane :

  • 1. praksisperiode - arbeidskrav i hygiene
  • 2. praksisperiode -sjukepleieplan med grunngjeving. Det er sett av ei veke til sluttføring av dette arbeidskravet etter praksisperioden.

Spesifisering av arbeidskrava kjem fram av studieplanen og er nærare spesifisert i dokument som ligg i Classfronter. Innleveringsfrist for sjukepleieplan med grunngjeving blir kunngjort i eigen plan ved studiestart. Tidspunkt for arbeidskrav i hygiene vert avtala med praksislærar.

Mål

Praksisperiodane på medisinske og kirurgiske avdelingar og hospiteringspraksis vert sett på som ein heilskap, der studenten skal utvikle fagkunnskap innanfor dei ulike praksisfelta. Studenten skal utvikle generelle og spesielle kunnskapar og funksjonsdugleik knytt til sjukepleiaren sitt funksjonsområde. Studenten skal i løpet av begge praksisperiodane utvikle seg til å bli meir sjølvstendig i den direkte sjukepleiefunksjonen, samt i den administrative og pedagogiske funksjon som sjukepleiar. Studenten skal og utvikle sin identitet som sjukepleiar og sjå og erfare det ansvaret som ein sjukepleiar til ein kvar tid har.

Måla for praksis er vidare presisert i overordna mål for praksisperiodane, spesielle mål for 1. og 2. praksisperiode, og mål for obligatorisk hospitering.

Overordna målsettingar for begge praksisperiodane.

Vurdere pasienten sitt behov for sjukepleie

  1. Kan nytte sjukepleieprosessen som problemløysande og mellommenneskeleg metode i utført sjukepleie
Utøving av sjukepleie
  1. Gjer seg kjent i avdelinga og med avdelinga sine rutinar samt tek initiativ til å ta del i det daglege arbeidet.
  2. Kan gjennomføre tilfredstillande kommunikasjon og samhandling med pasient, pårørande og personale og kan gjennom dette ivareta pasient og pårørande sine behov.
  3. Fungerer konstruktivt som medarbeidar i ei arbeidsgruppe og tek gradvis på seg

    det ansvaret og dei arbeidsoppgåvene som ein sjukepleiar har.

  4. Tek medansvar for at pasientane får den sjukepleie dei har behov for og utfører planlagde sjukepleietiltak på ein trygg og forsvarleg måte.
  5. Utførar grunnleggande stell og pleie til beste for pasienten, og nyttar korrekte arbeidstillingar og forflytningsteknikk.
  6. Viser god orden og hygiene, både generelt og ved spesielle prosedyrar og smitteregime.
Fagleg ansvar
  1. Viser initiativ og er aktiv i planlegging av praksisperioden for å få med seg aktuelle læresituasjonar.
  2. Kan gjere greie for teoretiske samanhengar innanfor emne som er aktuelle i avdelinga og kan grunngi sine vurderingar og

    handlingar.

  3. Stiller faglege spørsmål og viser evne til refleksjon over om utført sjukepleie på praksisplassen og eigen praksis er i samsvar med faglege krav.
  4. Er bevisst sitt kompetansenivå, søkjer rettleiing når situasjonen krev det og tek imot råd og rettleiing på ein måte som gjer læresituasjonen trygg og utviklande for alle involverte partar.
  5. Tileigner seg gode sjukepleie faglege haldningar, held teieplikta og syner respekt for pasient, pårørande og personale.

Målsetting for fyrste praksisperiode i medisinsk/ kirurgisk avdeling.

Vurdere pasienten sitt behov for sjukepleie

  1. Har kunnskap om kva som er relevante data og utviklar evne til innsamling og tolking av data om grunnleggande behov, sjukdom, skade, undersøking og behandling.
  2. Utviklar evne til, på bakgrunn av data og relevant kunnskap, å identifisere svikt i pasienten sine grunnleggande behov og å sjå aktuelle og potensielle ressursar og problem.
  3. Får trening i å utarbeide sjølvstendige og realistiske sjukepleiediagnosar, mål og tiltak som kan dekke pasientane sine omsorgsbehov.
  4. Kan gjennomføre og evaluere utførte sjukepleietiltak

Utøving av sjukepleie

  1. Utviklar evne til, på bakgrunn av kunnskap i medikament handtering og rekning, å administrere medikament korrekt til minimum to pasientar.
  2. Har kunnskap om dokumentasjon av sjukepleie og gjennomfører dette munnleg og skriftleg i samsvar med avdelinga sitt dokumentasjonssystem.
  3. Utviklar evne til å sjå pasienten sitt behov for informasjon, rettleiing og til å kunne sette i verk tiltak i høve til dette.
  4. Får innblikk i organisering, administrative oppgåver og leiing av sjukepleie
  5. Er i stand til å planlegge/følgje opp rapportere og ha oversikt over ein og etterkvart fleire pasientar.

Målsetting for andre praksisperiode i medisinsk / kirurgisk avdeling.

Vurdere pasienten sitt behov for sjukepleie

  1. Har kunnskap om kva som er relevante data, har utvikla god evne til innsamling og tolking av data, og kan vurdere desse samla.
  2. Kjem med forslag til relevante

    sjukepleiediagnosar, mål og tiltak og gjennomfører og evaluerer desse.

Utøving av sjukepleie

  1. Har kunnskapar om og kan å administrere medikament til ei gruppe pasientar ( 4-6) på ein fagleg korrekt måte.
  2. Kan skrive sjukepleieplanar og nytte dokumentasjonssystemet som er i avdelinga
  3. Deltek i og tek ansvar for nødvendig informasjon og rettleiing til pasientar og pårørande.
  4. Kan planlegge heilskapleg, følgje opp og ha oversikt over fleire pasientar over tid. (minimum 4 pasientar)
  5. Syner forståing for

    organisering, administrative oppgåver og leiing av sjukepleie og deltek i administrative oppgåver som gruppeleiar under rettleiing av sjukepleiar (min.2 dagar)

Fagleg ansvar

  1. Er aktiv i fagteamet med å stille faglege spørsmål og reflektere over om utført sjukepleie på praksisplassen og eigen praksis er i samsvar med faglege og etiske krav.

Rettleiing i praksisperioden

Sjukepleiarar i praksisavdelinga har det daglege ansvaret for rettleiing i høve til aktuelle læresituasjonar innafor målsettingane. Kvar student skal ha ein eller fleire kontaktsjukepleiarar som har hovudansvar for kontinuitet i rettleiinga. Dersom praksis er organisert som praksisprosjekt har studenten som oftast ikkje kontaktsjukepleiar og sjukepleiarane i praksisavdelinga har delt ansvar for rettleiing.

Lærar vil i løpet av praksisperioden rettleie studentane på klinikkar og rettleiingsdagar. Lærar skal gjennomføre minimum 2 rettleiingsdagar med kvar student i kvar av dei to praksisperiodane. Dersom ein planlagd rettleiingsdag fell bort på grunn av uføresette hendingar skal det i kvart einskilt høve vurderast om rettleiingsdagen skal takast att. Dersom praksisstudia er organiserte som praksisprosjekt vil lærar vere meir til stades i avdelinga og studenten har difor ikkje tradisjonelle rettleiingsdagar.

På rettleiingsdagen skal lærar gi rettleiing ut i frå studenten sitt rettleiingsbehov. Dei vurderingane lærar gjer på desse dagane dannar og grunnlag for vurdering saman med vurdering frå kontaktsjukepleiar.

Tid for rettleiinga kan etter nærare avtale gå over heile vakta eller deler av vakta. Det skal gjerast klart for den ansvarlege sjukepleiaren på kva tidspunkt student/lærar har ansvar for pasienten/pasientane og når dei ikkje er deltakande i avdelinga si drift. Normalt vil student og lærar trekke seg ut deler av dagen for å gjennomføre før - og ettersamtale, og til å gjennomføre eventuelle andre oppgåver.

Tid for rettleiingsdag skal vere avtala i god tid på førehand med den einskilde student.

Område for rettleiing

På rettleiingsdagane skal lærar vere til disposisjon for rettleiing innanfor område i målsettinga for praksisperioden. Det vil normalt seie det meste av sjukepleieoppgåvene. Unnatak frå dette kan vere spesielle prosedyrar og oppgåver ved den einskilde praksisavdelinga som lærar ikkje har spesialkompetanse til å utføre.

Dei aktuelle rettleiingsområda skal i hovudsak vere knyta opp mot den eller dei pasientane studenten vel ut. I tillegg kan studenten be om samtale, demonstrasjon eller rettleiing innafor andre område det er trong for rettleiing på .

Rettleiingsdagane

Førebuing / Val av pasientar
Tal pasientar studenten/studentane skal konsentrere seg om på rettleiingsdag vil variere frå avdeling til avdeling, og avtales med lærar. Dersom to studentar skal vere i lag på ein rettleiingsdag må dei samarbeide om førebuinga. Studenten har rett til å nytte vakta før rettleiingsdag til å førebu seg og skrive sjukepleieplan.

Rettleiingsdagar i fyrste sjukehuspraksis.
På fyrste rettleiingsdag kan studenten velje å berre ta seg av dei pasientnære oppgåvene, det vil seie å ikkje ta ansvar for medisintillaging, tillaging av intravenøs væske o.l. På den andre rettleiingsdagen skal studenten ta hand om alle sjukepleieoppgåvene til 2 eller fleire pasientar dersom dette er praktisk mogeleg.

Rettleiingsdagar i andre praksisperiode
Studenten skal planlegge(datainnsamling og tiltak) i høve til den totale sjukepleie til den(dei) aktuelle(e) pasienten(ane). Det er ynskjeleg at studenten får utføre alle sjukepleietiltaka til pasienten(ane), det vil seie at oppgåver som elles etter rutine er tillagde andre vert delegert til lærar og student. Unnatak frå dette er previsitt/visitt saman med ansvarleg lege. Student og lærar deltek i dette berre dersom det passar inn i høve til tidsbruk elles.

På den andre rettleiingsdagen skal studenten ha ansvar for 2 eller fleire pasientar. Denne rettleiingsdagen kan og organiserast slik at ei gruppe studentar og lærar saman tek ansvar for fleire pasientar i fleire dagar.

Sjukepleieplan

For å planleggje rettleiingsdagen best mogeleg skal studenten skrive ein sjukepleieplan for ein pasient til alle rettleiingsdagar, både fyrste og andre sjukehuspraksis. Dersom 2 studentar arbeider saman om ein pasient skriv dei pleieplan saman.

Planen skal innehalde følgjande:

  • Datasamling om pasienten(kjelder: pasient, journal, sjukepleiedokumentasjon, data frå kurve og lab. , eigne observasjonar, primærdata frå pasienten , evt. opplysningar frå pårørande).
  • Identifisering av problem, behov og ressursar og utforming av sjukepleiediagnose.
  • Forslag til mål og problemløysing/tiltak.

Gjennomføring av rettleiingsdagen

Førrettleiing
Studentane gir rapport og legg fram pleieplanen for sin(e) pasient(ar). Lærar og student(ar) drøfter innhald i og grunnlag for planen. Det vil verte lagt vekt på at studenten kan grunngi sine føreslegne tiltak. Dagen vert planlagt i tid og med fordeling av arbeidsoppgåver. Studenten skal gjere klart kva område det er særskilt trong for rettleiing på.

Gjennomføring
Studenten gjennomfører det som er planlagt med dei eventuelle endringar ein har kome fram til i førrettleiinga. Lærar deltek i sjukepleie til pasienten/pasientane slik studenten ynskjer og slik det fell naturleg. Det vert gitt kontinuerleg rettleiing og eventuelt demonstrasjon, korrigering og tilbakemelding til studenten når det er naturleg og naudsynt.

Etterrettleiing
Lærar og student drøfter det som er gjort og trekker konsekvensar for vidare sjukepleie innan det området studenten har arbeidd med. Desse data skal førast vidare til ansvarleg sjukepleiar ved munnleg eller skriftleg rapport. Etterrettleiing kan gjerast individuelt eller med studentane samla. Kvar student får og ei vurdering etter rettleiingsdagen som er med og dannar grunnlag for den totale praksisvurderinga.

Hospiteringspraksis

Hospitering i praksisperioden på kirurgisk avdeling:

  • 2 dagar på operasjonsavdeling.
  • 1 - 2 dagar på oppvakingsavdeling
  • 1-2 dagar på kirurgisk poliklinikk

Hospitering i praksisperioden på medisinsk avdeling:

  • 2 - 4 dagar på føde / barsel avdeling.
  • 2 dagar på medisinsk poliklinikk.

Skjema for hospiteringspraksis finn ein ved å klikke her.

3. Studieår: Praksisstudiar i kommunehelsetenesta, psykisk helsearbeid og valfri fordjuping.

  • 8 veker praksis i heimetenestene eller omsorgsbustader
  • 8 veker praksis i psykisk helsearbeid i institusjon, hos psykiatrisk sjukepleiar i kommunehelsetenesta, psykiatrisk dagavdeling/dagsenter
  • 10 veker valfri fordjupingspraksis, der studenten kan ta ut fire veker til arbeid med avsluttande eksamen i sjukepleie, fordjupingsoppgåve.

Det vert forventa ein studieinnsats på 40 timar kvar veke, der 30 timar er praksis. Studentane skal i hovudsak følgje kontaktsjukepleiaren sine vakter for å sikre kontinuerleg oppfølging og rettleiing. Planlagt rettleiing med lærar er obligatorisk. I dei ulike praksisperiodane er det lagt inn spesielle arbeidskrav.

Spesifisering av arbeidskrava ligg i classfronter.

Redaksjonelt:
I denne planen blir brukaren/klienten/pasienten omtalt som pasienten.

Mål for praksisperiodane.

Studenten:

  1. Gjer seg kjent på praksisplassen, gjeldande rutinar og tar initiativ til å ta del i det daglege arbeidet
  2. Viser initiativ og er aktiv i planlegging av praksisperioden for å få med seg aktuelle læresituasjonar
  3. Tek medansvar i ei arbeidsgruppe og utføre planlagde sjukepleietiltak på ein trygg og forsvarleg måte
  4. Utviklar fagidentitet som sjukepleiar og viser ein kritisk og analytisk holdning til utøving av yrket
  5. Brukar sjukepleieprosessen som problemløysande og mellommenneskeleg metode
  6. Skal dokumentere eige arbeid og kunne grunngje handlingar overfor pasient og

    medarbeidarar

  7. Er bevisst eige kompetansenivå, søkjer rettleiing når situasjonen krev det og tek imot råd og rettleiing på ein måte som gjer læresituasjonen trygg og utviklande for alle involverte partar
  8. Går aktivt inn for å utvikle sjukepleiefaglege holdningar i samsvar med yrkesetiske og faglege mål
  9. Held teieplikta og viser respekt for pasient, pårørande og personale
  10. Viser god orden og hygiene, både generelt og ved spesielle prosedyrar og smitteregime
  11. Viser respekt for ulike kulturar, kulturelle utrykk og ulike oppfatningar av helse og sjukdom
  12. Har oversikt over lover, reglar og andre rammevilkår som styrer sjukepleiar si verksemd

Praksis i kommunehelsetenesta – heimesjukepleie/omsorgsbustadar

Mål for praksis:

Den terapeutiske funksjonen:

1. Studenten møter pasienten ut frå eit heilskapssyn.

  • Studenten utfører datasamling, identifiserer individuelle omsorgsbehov og set i verk og evaluerer tiltak.
  • Har innsikt i, og kunnskapar om, sjukepleiaren si rolle som omsorgsgivar i pasienten sin heim

2. Studenten viser at han/ho tileignar seg ny kunnskap gjennom teori, rettleiing og praksis

  • Bør ha sjølvstendig oppfølging av ei gruppe pasientar
  • Skal, i samarbeid med den enkelte pasient, eventuelt pårørande og personale, utarbeide og utøve sjølvstendige og realistiske tiltak for brukaren i hans/hennar heim
  • Bør om mogeleg delta, under rettleiing, i oppgåver som krev spesialisert overvaking og behandling
  • Utfører munnleg og skriftleg rapportering og dokumentasjonsarbeid. Dette medfører vurdering/revurdering av individuelle planer og dokumentasjon i tillegg til lover og forskrifter.
  • Vurderer behov for hjelpemidlar og støtteordningar og kjenner saksgangen i forhold til dette
  • Tileignar seg kunnskapar om kommunen sitt tilbod til menneske med psykisk utviklingshemming og sjukepleiar i heimetenesta sin funksjon overfor dei
  • Tileignar seg kunnskapar om kommunen sitt tilbod til menneske med psykiske lidingar og sjukepleiar i heimetenesta sin funksjon overfor dei

3. Studenten har kunnskapar om korleis forhold i pasienten sitt sosiale miljø kan virke inn på pasienten si helse, og kva tiltak som kan fremje pasienten si evne til meistring, livskvalitet og helse

  • Møter pasient og pårørande med respekt, innleving og moralsk ansvarleg holdning
  • Nyttar prinsipp om pasientmedverknad i utøving av sjukepleie
  • Gjer seg kjend med pårørande sin situasjon og set i verk aktuelle tiltak overfor dei

4.Studenten identifiserer verdikonflikter og etiske dilemma i praksis.
Studenten øver opp evne til etisk refleksjon for å utvikle etisk handlingsberedskap

  • Viser reflektert holdning til eigen yrkesfunksjon
  • Har evne til eigenutvikling, kjennskap til eigne reaksjonar og evne til aktivt å handtere desse
  • Analyserer og reflekterer over etiske dilemma i kommunehelsetenesta

Den leiande funksjonen:

5. Studenten har kunnskapar om sjukepleiaren sine oppgåver, si rolle og dei administrative oppgåvene i heimetenesta/omsorgsbustader

  • Administrerer seg sjølv og andre føremålstenleg. Utfører administrative oppgåver som søknader, førebuing av saker til aktuelle møte
  • Handsamar medikament på ein nøyaktig og forsvarleg måte og kan gjere greie for faglege og formelle krav til medikamenthandsaming
  • Dokumenterer sjukepleie til den enkelte pasient, ved å utarbeide og evaluere individuelle planar
  • Nyttar prinsipp for arbeidsleiing av sjukepleieansvar for den enkelte pasient og om mogeleg administrere ei pasientgruppe
  • Bør om mogeleg utføre leiing og administrasjon av gruppa/sona
  • Samarbeider med andre faggrupper som gir omsorg og behandling til pasientar
  • Kjenner internkontroll og kvalitetsutviklingsarbeidet på praksisplassen
  • Kjenner sjukepleiaren sine oppgåver og roller i administrering av tenesta
  • Kan gjere greie for heimetenesta si plassering i det kommunale politiske og administrative systemet

Den pedagogiske funksjonen:

6. Studenten viser gjennom rettleiing og i praksis at han/ho har kunnskapar om viktige pedagogiske prinsipp i utøving av sjukepleie

  • Kan under rettleiing ta initiativ til og gå aktivt inn i undervisnings- og rettleiingssituasjonar til pasient, pårørande og medarbeidarar
  • Tar ansvar for eiga læring ved å vere aktiv og reflekterande i læresituasjonar
  • Utfører undervisning og kasuistikk for medarbeidarar og studentar i praksis

Arbeidskrav og skriftlege oppgåver til arbeidsmappa knytt til sjukepleiar sin funksjon i kommunehelsetenesta

Nr:

Innhald

Rammer

Vurdering

Kriterium for vurdering

 

1

Øving i praktiske arbeidsmåtar

2B og 3A

PBL veke. Praktiske øvingar og førebuing til heimeeksamen i sjukepleie, individuell eksamen, SK 128

Dokumentasjon av å ha delteke (obligatorisk deltaking).

   

2

Plan og dokumentasjon for praksis. Studenten skal skrive arbeidsplan.

Mål: vise korleis måla for praksis skal tileignast og vise fagleg og personleg utvikling i praksis.

Plan skal skrivast første veka i praksis. Dokumentasjon skal skje gjennom heile praksisperioden

Studenten presenterar planen på forventnings-samtale og evaluering

   

3

Studenten skal identifisere eit etisk dilemma frå praksis

Mål: vise evne til refleksjon og nytte etisk teori i drøfting av problemstillinga

1A, 1B 1C og 2B

Individuelt skriftleg arbeid frå praksis i kommunehelsetenesta Omfang: 6 sider

Rettleiing gjennom lærarrespons (praksislærar)

Inngår i eksamen iSK 129

 

4

Undervisning eller kasuistikk for medarbeidarar i praksis

Mål:

bevisstgjere eiga evne til å ta opp ulike tema eller problemstillingar i praksisfeltet.

Trene på den pedagogiske funksjon samt formidle eige fag.

Individuelt ellergruppearbeid

Tilbakemelding frå praksislærar

   

PRAKSISSTUDIAR I PSYKISK HELSEARBEID

Mål for praksis

Studenten skal gjere seg kjend med pasientgrunnlaget ved avdelinga/ i kommunen, behandlingsfilosofi og behandlingsmetodar som vert nytta

Terapeutisk funksjon

1. Studenten skal etablere tillitsforhold/terapeutisk kontakt med pasienten

  • Deltar i terapeutisk samtale med pasient saman med sjukepleiar
  • Følgjer opp 1-2 primærpasientar
  • Gjer bruk av teori og rettleiing om kontaktetablering i dei ulike fasane i eit pasient -sjukepleiar forhold

2. Studenten skal møte pasienten ut frå eit heilskapssyn

  • Utføre datasamling, identifiserer individuelle omsorgsbehov og set i verk og evaluerer tiltak

3. Studenten viser praktisk og teoretisk kunnskap ved å:

  • Utføre munnleg og skriftleg rapport og dokumentasjonsarbeid. Dette medfører vurdering og revurdering av sjukepleieplanar under rettleiing av kontaktsjukepleiar
  • Skal, saman med pasient og medarbeidarar, utarbeide og utøve realistiske tiltak og målsettingar
  • Nyttar anerkjent og aktuell litteratur i dokumentasjon av tiltak til ulike psykiatriske problem/lidingar

4. Studenten har kunnskap om korleis forhold i pasienten sitt sosiale miljø kan virke inn på den psykiske helse og tiltak som kan fremje pasienten si meistring, livskvalitet og helse

  • Vurderer miljøterapeutiske forhold i avdelinga eller i pasienten sitt nærmiljø
  • Skal om mogeleg planlegge og delta i avslutting av den terapeutiske kontakten/eventuelt overføring til anna tilbod/nettverk i samarbeid med pasienten og medarbeidar

5. Studenten viser respekt for den enkelte pasient og hans/hennar pårørande

  • Er merksam på og møter pasientar og pårørande sine behov for støtte, informasjon, undervisning og rettleiing

6. Studenten viser forståing for pasient og pårørande sine opplevingar og reaksjonar på psykisk liding

  • Møter pasient og pårørande med respekt, innleving og moralsk ansvarleg holdning

7. Studenten identifiserer verdikonflikter og etiske dilemma i praksis. Studenten øver opp evne til etisk refleksjon og utvikle etisk handlingsberedskap

  • Reflekterer over makt, tvang og kontroll i konkrete situasjonar
  • Vurderer kritisk dei sjukepleietiltaka ein sjølv og andre utfører
  • Har evne til eigenutvikling, kjennskap til eigne reaksjonar og evne til aktivt å handtere desse

Den leiande funksjonen:

8. Studenten har kunnskap om sjukepleiar sine oppgåver, si rolle og dei administrative oppgåver på den aktuelle praksisplassen

  • Deltar i tverrfaglege møte som gjeld pleie og behandling av pasientar
  • Bør presentere primærpasient på møte der det er naturleg
  • Tileignar seg kjennskap til praksisplassen sitt internkontrollsystem og kvalitetsutviklingsarbeid
  • Tileignar seg kunnskap om koordinering av tenestetilbodet
  • Tileignar seg kunnskap om praksisplassen sitt informasjons- og kommunikasjonssystem
  • Samarbeider med andre fagpersonar og andre verksemder
  • Skal dokumentere sjukepleie til den enkelte pasient, utarbeide og evaluere individuelle planer
  • Skal der det er mogeleg administrere medikament og vise at ho/han har medikamentkunnskap og konkrete, praktiske kunnskapar når det gjeld legemiddelhandtering

Den pedagogiske funksjonen:

9. Studenten viser gjennom rettleiing og i praksis at han/ho har kunnskapar om viktige pedagogiske prinsipp i utøving av sjukepleie

  • Kan under rettleiing ta initiativ til å gå aktivt inn i undervisnings- og rettleiingssituasjonar til pasient, pårørande og medarbeidarar
  • Skal ta ansvar for eiga læring ved å vere aktiv og reflekterande i læresituasjonar

Arbeidskrav og skriftlege oppgåver til arbeidsmappa knytt til sjukepleiar sin funksjon i psykisk helsearbeid

Nr:

Innhald

Rammer

Vurdering

Kriterium forvurdering

5

Problembasert læring knytt til sjukepleiar sin funksjon i psykisk helsearbeid.

Mål: praksis- førebuing

2A, 2B, 3A

PBL- veke før praksis. Studentar samarbeider om case og legg dette arbeidet fram for kvarandre på slutten av PBL-veka.

Dokumentasjon av å vere tilstades (obligatorisk deltaking)

 

6

Plan og dokumentasjon for praksis. Studenten skal skrive arbeidsplan.

Mål:vise korleis måla for praksis skal tileignast og vise fagleg og personleg utvikling i praksis

Plan skal skrivast første veka i praksis. Dokumentasjon skal skje gjennom heile praksisperioden

Studenten presenterar planen på forventings-samtale og evaluering

 

7

Grensesetting/ skjerming

1A, 1B, 1C, 1D, 2A, 2B

Omfang: 6 sider

I teoriperioden i 5 semester.

Rettleiing gjennom lærarrespons(praksislærar)

Inngår i SK129

8

Kommunikasjon

1A, 1D, 2A, 2B

Omfang: 6 sider

I praksisperioden

Tilbakemelding frå praksislærar

Inngår i SK129

9

Sjukepleieplan plan knytt til pasient/brukar i psykisk helsearbeid.

1A, 1B, 1D, 2A eller 2B, 3A, 4A, 4B, 4C, 4D

Omfang: sjå spesifisering av arbeidskrav

I praksisperioden

Kontaktsjukepleiar skal godkjenne pleieplanen. Tibakemelding frå praksislærar

Inngår i SK129

FORDJUPINGSPRAKSIS

Fordjupingspraksis er lagt til siste periode i 3.studieår. Studentane kan innan bestemte rammer velje praksisplass. Praksis kan vere i spesialisthelsetenesta eller kommunehelsetenesta og skal ha fokus på førebyggande sjukepleie, sjukepleie til akutt og kritisk sjuke pasientar eller pasientar med kroniske lidingar. Mål for praksisperioden er sett ut frå det ein forventar av den nyutdanna sjukepleiaren sin handlingskompetanse (1) og handlingsberedskap (2). Studenten har ansvar for å trekke ut og konkretisere aktuelle mål i høve den aktuelle praksisplassen (jf. arbeidskrav).

Mål

Studenten skal, etter fullført utdanning, ha utvikla handlingskompetanse til å:

  1. Møte pasientar og pårørande med ein ansvarleg holdning, respekt, innleving og moral
  2. Utøve sjukepleie ut frå eit menneskesyn som bygger på respekt, likeverd og ansvar for svake grupper
  3. Utøve fagleg forsvarleg sjukepleie overfor menneske i alle aldersgrupper som er utsett for sjukdom og skade, akutt og kronisk sjuke, funksjonshemma, rehabiliteringstrengande og menneske som er i siste fase av livet
  4. Kjenne til og samarbeide på alle nivå i organisasjonen
  5. Forstå oppbygginga av, og oppgåver i helsetenesta, og ha kunnskap om lover, reglar og andre rammevilkår som styrer helsetenesta generelt og sjukepleiaren si verksemd spesielt

Helsefremjande og førebyggande oppgåver
Studenten skal:

  1. Medvirke til å forhindre komplikasjonar eller at nye helseproblem oppstår
  2. Støtte opp om helsefremjande prosessar hos pasientane
  3. Bruke kunnskapar i tverrfagleg samarbeid om helsefremjande og førebyggande arbeid
  4. Identifisere oppgåver knytt til smittespreiing og sette i verk nødvendige tiltak

Behandling
Studenten skal:

  1. Understøtte prosessar som fører til ”helbredelse” av sjukdom, og til helse
  2. Sette i verk og følgje opp behandling som det er gitt ordre om, informasjon, observasjon, vurdering og rapportering av effekt
  3. Dele ut legemidlar etter medisinsk ordinasjon
  4. Handtere legemidlar forskriftsmessig og på bakgrunn av kunnskapar i farmakologi, observere og rapportere verknader og biverknader til behandlande eller ansvarleg lege
  5. Bruke det mest vanlege medisinske utstyret og ha medansvar for å kvalitetssikre bruken av utstyret
  6. Legge til rette for eit miljø prega av hygiene, estetikk og ro

Lindrande oppgåver
Studenten skal:

  1. Basert på informert samtykke, faglege observasjonar og vurderingar, sette i verk tiltak som reduserer smerte og ubehag hos pasienten
  2. Sette i verk psykososiale tiltak som kan medvirke til å betre pasientar og pårørande si oppleving av situasjonen

Rehabiliterande og habiliterande oppgåver
Studenten skal:

  1. Sette i verk tiltak som har som formål at pasienten får tilstrekkeleg høve til å dekke grunnleggande behov og meistre dagleglivet
  2. Samarbeide og kommunisere med andre, relevante yrkesgrupper og pårørande
  3. Motivere pasienten til eigeninnsats gjennom ulike aktivitetar og følgje opp tiltak foreslått av andre faggrupper

Undervisning og rettleiing
Studenten skal:

  1. Undervise og rettleie pasientar og pårørande innanfor sitt fagområde - basert på dei problem og behov som oppstår i forhold til sjukdom og liding og knytt til førebyggande arbeid som til dømes helseopplysning

Administrative oppgåver
Studenten skal:

  1. Bruke prinsipp for arbeidsleiing ved sjukepleieansvar for enkeltpasientar
  2. Administrere eige arbeid
  3. Leie sjukepleien til ei mindre gruppe pasientar, dvs leiing av mindre grupper av medarbeidarar og studentar som er direkte involvert i utøvinga av pleie

Fagutviklande oppgåver
Studenten skal:

  1. Ta del i avdelinga si kvalitetsutvikling
  2. Halde seg fagleg oppdatert - vere bevisst eigen kompetanse og tilegne seg kunnskapar og vere aktivt oppsøkande for å få erfaringar og kunnskapar
  3. Dokumentere, evaluere og formidle den kliniske sjukepleieutøvinga og utøve sjukepleie i samsvar med krav i lover og forskrifter.

Studenten skal etter fullført utdanning ha handlingsberedskap i:

Undervisning og rettleiing av medarbeidarar og studentar

  • Undervise og rettleie studentar og medarbeidarar
  • Ha kunnskap om endringsstrategiar

Administrasjon og leiing

  • Vere ansvarleg for at sjukepleien til pasientar blir utført i samsvar med gjeldande målsettingar for eininga
  • Vere kjend med, og bruke dei lover og forskrifter som regulerer tenesta

Fagutvikling og forsking

  • Initiere eiga fagutvikling og delta i planlegging og utvikling av framtidig helseteneste

Evaluering – arbeidskrav og eksamen:

  • Avsluttande eksamen med munnleg høyring

Arbeidskrav og skriftlege oppgåver knytt til valfri fordjupingsperiode

Arbeids-krav nr:

Innhald

Rammer

Vurdering

10

Plan og dokumentasjon for praksis. Studenten skal skrive arbeidsplan.

Mål:vise korleis måla for praksis skal tileignast og vise fagleg og personleg utvikling i praksis

Utarbeiding av eigne mål for fordjupings-praksis og plan for korleis student skal nå måla. Studenten tek utgangspunkt i måla for tredje studieår og for fordjupingspraksis.

Mål: Tydeleggjere korleis studenten skal tileigne seg kunnskapar og metodar som førebuing til praksis og undervegs i praksisperioden.

Utarbeidast og leverast til lærar og kontaktsjukepleiar før fordjupings-praksis tek til. Det er høve til å justere planen undervegs i praksisperioden.

Lærar og kontaktsjukepleiar

11

Avansert hjarte – lunge redning 3A

Før fordjupingspraksis

Dokumentasjon av å ha vore tilstades (obligatorisk deltaking)

12

3A, test i medikamentrekning.

Før fordjupingspraksis

Løyser testen individuelt –deretter går studentane i grupper (2 eller 3 stk). Gruppa leverer inn det endelege oppgåvesvaret

Greidd test, 100 % rett før fordjupingspraksis tek til.

[1] Med handlingskompetanse meinest område yrkesutøvaren skal kunne fungere sjølvstendig

[2]Med handlingsberedskap meinest kunnskapar som etter opplæring, rettleiing og praksiserfaring kan vidareutviklast til sjølvstendige funksjonar.