Grunnleggande sjukepleie. Emne 1
Heiltid: 1. semester og 2. semester
Deltid: 1. semester, 2. semester og 3. semester
Studenten skal etter gjennomført emnet ha fått forståing for og erfaring i sjukepleie som yrkesutøving med utgangspunkt i pasienten sine grunnleggande behov, ressursar og helsetilstand.
Studenten:
- Har kunnskap om grunnlagstenking i sjukepleie og sjukepleien si historie
- Har kunnskap om sjukepleiar si rolle i tverrfagleg arbeid
- Kan gjere greie for kunnskap om mennesket sine grunnleggande behov og har innsikt i forsking og fagutvikling på området.
- Kan gjere greie for normal aldring og eldre menneske sine særskilde behov og har innsikt i forsking og fagutvikling på området
- Stiller faglege spørsmål og viser evne til refleksjon og kritisk vurdering
- Viser respekt for pasienten sin autonomi og integritet
- Kan gjere greie for ulike definisjonar og sentrale teoriar, omgrep og modellar i sjukepleie og nyttar desse i arbeidskrav og sjukepleiedokumentasjon
- Har kunnskap om og nyttar sjukepleieprosessen som problemløysande metode og mellommenneskeleg prosess i vurdering og utøving av sjukepleie til eldre pasientar med svikt i grunnleggande behov
- Har kunnskap om, utøver og grunngjev grunnleggande sjukepleieprosedyrar
- Har kunnskap om og nyttar hygieniske prinsipp
- Øver på å administrere og kritisk vurderer eige arbeid
Medikamenttest (emne 4) må vere greidd før ein får starte i praksisstudiar i emne 1.
Emnet inneheld forsking og fagutvikling knytt til pasienten sine grunnleggande behov og i sjukepleien til eldre.
Tematisering av innhaldet:
- Grunnlagstenking og historie
- Hygiene
- Sirkulasjon og aktivitet
- Respirasjon og kroppstemperatur
- Ernæring, eliminasjon og søvn og kvile
- Tryggleik og kontakt med andre
- Sjukepleie til eldre, hjerneslag og aldersdemens
- Åndeleg og eksistensiell omsorg
8 veker pasientretta praksis i sjukeheim. Praksisperioden i emne 1 er plassert etter gjennomført undervisning i emne 3, emne 4 og emne 5.
SK150 003 Praksisstudiar i grunnleggande sjukepleie. Greidd/ikkje greidd.
SK150 001 Grunnleggande sjukepleie. Mappevurdering. Individuell. Vekting 50 %. Bokstavkarakter.
Arbeidsmappe: tre skriftlege arbeid basert på temaområde innan grunnleggande sjukepleie.
Presentasjonsmappe: eitt arbeid blir valt ut av fagtilsette til presentasjonsmappa. I tillegg skal studenten skrive eit refleksjonsnotat om sin læreprosess med arbeidet i emne 1.
Ved karakteren F eller ved forbetring av mappa vert det ny utveljing blant dei tre skriftlege arbeida i arbeidsmappa.
SK150 002 Grunnleggande sjukepleie. Praktisk test med munnleg høyring. Individuell. Vekting 50 %. Bokstavkarakter.
Almås, H (red) (2001). Klinisk sykepleie. Oslo: Gyldendal Norsk Forlag. Bind 2, s.779-801. (Kompendium).
Bondevik, M og Nygård, HA (red) (2006). Tverrfaglig geriatri. Bergen: Fagbokforlaget. s.15 – 18 og 186–189. (Kompendium).
Engedal, K og Wyller, TB (2003). Aldring og hjernesykdommer. Oslo: Akribe Forlag. s.125-150. (Kompendium).
Hauge, S (2005). Frå pleieheim til bu-og behandlingssenter. Ein historisk analyse av sjukeheimens rolle og funksjon dei siste 150 åra. I: Nord, Eilertsen, og Bjerkreim (red). Eldre i en brytningstid. s. 156-164. (Kompendium).
Hæstad H, Normann, B, Gjelsvik B (m.fl.) (2006). ”Bobathkonseptets utvikling, teoretiske grunnlag og kliniske praksis”. I: Fysioterapeuten Nr.3. s.16-20. (Kompendium).
Johnsen, H (2006). ” Behandling i slagenhet gir best effekt”. I: Fysioterapeuten Nr.1. s. 22-23. (Kompendium).
Lunde, PH (2003). Bevegelse og forflyttning, - et alternativ til løfting. Oslo: Universitetsforlaget. s. 17-170.
Karoliussen, M og Smebye KL (1997). Eldre, aldring og sykepleie. Oslo: Gyldendal Norsk Forlag. s. 559-606. (Kompendium).
Kirkevold, Ø (2005). ”Bruk av tvang i sykehjem”. I: Tidsskrift Norske lægeforening. Nr.10.s. 1346-1348. (Kompendium).
Kristoffersen, NJ (red) (2005). Grunnleggende sykepleie. Oslo: Gyldendal Norsk Forlag. Bind 1,s.13-77, s.106-136, s.184-257. Bind 2, s.13-336, Bind 3, s.13-117, s.157-205, s.271-318. Bind 4, s.13-99.
Ruths, S (2005). ”Nytteverdien av skjermede enheter for demente”. I: Tidsskrift Norske lægeforening. Nr. 9. s.1191-1194. (Kompendium).
Selbæk, G (2005). ”Atferdsforstyrrelser og psykiske symptomer ved demens”. I: Tidsskrift Norske lægeforening. Nr. 11. s.1500-1502.
Stensvold, H og Utne, L (red). (1999). Dysfagi. Oslo: Ad Notam Gyldendal. s. 62-110.
Wyller, TB og Sveen, U (2002). ”Ikkje-språklige kognitive symptomer etter hjerneslag”. I: Tidsskrift Norske lægeforening. Nr. 6, s.627-630. (Kompendium).