Study Programmes 07/08 / Courses / FACULTY OF HEALTH STUDIES / Bachelor i sjukepleie, ramm... / SK161 Sjukdomslære, farmakologi, medikamenthandsaming og generell førstehjelp. Emne 4  

SK161 Sjukdomslære, farmakologi, medikamenthandsaming og generell førstehjelp. Emne 4

Kode
SK161

Namn
Sjukdomslære, farmakologi, medikamenthandsaming og generell førstehjelp. Emne 4

Studiepoeng
15.00

Kategori
Obligatorisk del av bachelorstudiet i sjukepleie



Tid
Heiltid: 1. semester og 2. semester
Deltid: 2. semester



Mål for emnet

Dette emnet skal gje kunnskap om sjukdommar i dei ulike organsystema i menneskekroppen og korleis ulike sjukdommar vert behandla. Vidare skal emnet gje kunnskap om medikamenthandsaming og medikamentrekning. I tillegg skal studenten tileigne seg kunnskap om generell førstehjelp med vekt på basal hjerte/lungeredning og førstehjelp ved skadar.

Studenten:

  • Kjenner til hovudtrekk i fagområdet sin historiske og vitskapsteoretiske eigenart og relevans for sjukepleie
  • Har kunnskap om og forståing for globale sjukdomsmønster
  • Kan finne fram til litteratur om forsking og fagutvikling i fagområdet
  • Kan nytte kunnskap i anatomi, fysiologi, biokjemi og mikrobiologi for å forstå sjukdomsprosessar og behandling av desse
  • Forstår kva som skjer i kroppen når det oppstår skader eller sjukdom
  • Kan gjere greie for ulike årsaker til utvikling av sjukdom
  • Har kunnskap om og forståing for korleis skade og ulike sjukdommar verkar inn på den menneskelege organismen
  • Har kunnskap om adekvate behandlingsformer ved ulike sjukdommstilstandar og skadar
  • Ser konsekvensar av sjukdom og behandling i høve utøving av sjukepleie
  • Har kunnskap om sentrale farmakologiske prinsipp
  • Kan gjere greie for hovudgrupper av medikament som vert nytta i medisinsk behandling
  • Kan gjere greie for lover og forskrifter som regulerer legemiddelhandtering
  • Kan gjere greie for ulike legemiddelformer og korleis dei vert administrert
  • Kan administrere medikament nøyaktig og gjere greie for mogelege komplikasjonar
  • Kan gjere greie for forsvarleg administrasjon av legemiddel, gjere seg nytte av felleskatalogen og utføre feilfri medikamentrekning (100 % rett)
  • Har kunnskap om og kan gjennomføre basal hjarte/lungeredning
  • Har kunnskap om førstehjelp ved skadar
Forkunnskapar

Det vert krevd forkunnskaper i anatomi, fysiologi, biokjemi og mikrobiologi.

Innhald / oppbygging

Introduksjon

  • Innføring i fagområdet sin historiske og vitskapsteoretiske eigenart og relevans for sjukepleie (samordna med emne 3)
  • Innføring i å finne fram til forskingsbasert litteratur (samordna med emne 3)

Sjukdomslære

  • Generell patologi
  • Hjartesjukdommar
  • Karsjukdommar
  • Lungesjukdommar
  • Sjukdom i nyrer, urinvegar og mannlege kjønnsorgan
  • Forstyrringar i væske-, elektrolytt- og syre-base-balansen
  • Sjukdom i mage-tarm-kanalen
  • Sjukdom i lever, gallevegar og bukspyttkjertel
  • Endokrine sjukdommar
  • Sjukdom i mammae
  • Blodsjukdom
  • Inflammatoriske revmatiske sjukdommar
  • Infeksjonar
  • Nevrologiske sjukdommar
  • Sjukdom i rørsleapparatet
  • Sjukdom i hud og underhud
  • Sjukdom i øyre, nase og hals
  • Augesjukdom
  • Gynekologiske sjukdommar
  • Pediatri
  • Kreftsjukdom
  • Traumatologi, drukningsulykker, forgiftingar
  • Anestesi og overvaking
  • Alternativ medisin

Farmakologi

  • Innleiande legemiddellære
  • Basal og generell farmakologi
  • Spesiell farmakologi
  • Legemiddel ved ulike sjukdomstilstandar

Medikamenthandsaming

  • Lovverk og kontrollrutinar ved administrering av legemiddel
  • Ulike legemiddelformer og administrering av desse. Sentralt venekateter og perifer venekanyle
  • Hygieniske prinsipp ved handtering av legemiddel
  • Medikamentrekning
  • Bruk av felleskatalog

Generell førstehjelp

  • Basal hjarte/lungeredning
  • Førstehjelp ved skadar
Undervisnings- og læringsformer

Sjukdomslære og farmakologi

  • Forelesingar
  • Oppgåveløysing basert på studiehefte i sjukdomslære og farmakologi
  • Rettleiing i smågrupper
  • Oppgåveseminar i plenum

Medikamenthandsaming

  • Forelesingar
  • Oppgåveløysing basert på studiehefte i medikamentrekning
  • Øving i medikamenthandsaming og -rekning med rettleiing frå lærar

Generell førstehjelp

  • Forelesingar
  • Praktisk øving i basal hjarte/lungeredning
Praksis

Ingen.

Studieopphald i utlandet

Ingen.

Arbeidskrav
  • Deltaking i undervisning i medikamenthandsaming og medikamentrekning
  • Greidd test (100 % rett) i medikamentrekning. Individuell prøve
  • Deltaking på undervisning i generell førstehjelp og øving i basal hjarte/lungeredning
Sluttvurdering

SK161 Sjukdomslære og farmakologi. Skuleeksamen - 5 timar. Individuell. Bokstavkarakter.

* Medikamenthandsaming inngår i sluttvurdering av emne 6 (Sjukepleie ved somatisk sjukdom og skade).

Pensum

Bergsjø, P (m.fl.) (red.) (2004). Obstetrikk og gynekologi. Oslo: Gyldendal Akademisk. s. 135–141, s. 276–287, s. 294-303, s. 305-316, s. 321–336. (Kompendium).

Bertelsen, BI (2000). Patologi. Menneskets sykdommer. Oslo: Gyldendal Akademisk.

Bjugn, R, Erichsen, Aa og Vege, Å (red.) (2004). Veileder ved obduksjon av fostre og barn. Oslo: Den norske lægeforening. s. 11-21 og s. 33-39 (Kompendium).

Blue, L (m.fl.) (2001). ”Randomised controlled trial of specialist nurse intervention in heart failure”. I: British Medical Journal. 323, s. 715-718. (Kompendium).

Flatberg, P og Lunde, PK (1996, 7 utgåve). Legemidler og bruken av dem. Infusjonsvæsker og konsentrater for tilsetning til infusjonsvæsker. Oslo: Gyldendal. s. 390-426. (Kompendium).

Grønseth, R og Markestad, T (2005). Pediatri og pediatrisk sykepleie. Bergen: Fagbokforlaget. s 187-323.

Hertz, J og Scharff-Smith, B (red.) (2004). Obstetrik og gynækologi. København: Nyt Nordisk forlag Arnold Busck. s. 319-328, s. 413-416, s. 459–465. (Kompendium).

Hofmann, B (2000). ”Teknologisk medisin i et nytt millennium”. I: Tidsskr Nor Lægeforen. 12. årgang. Nr. 1. s. 94-8. (Kompendium).

Holm, S og Notevarp, JO (2007). Administrering av legemidler. Bergen: Fagbokforlaget.

Jacobsen, D (m.fl.) (2001). Sykdomslære. Indremedisin, kirurgi og anestesi. Oslo: Gyldendal Akademisk.

Kotsirilos, V (2005). ”Complementary and alternative medicine, Part 1 – what does it all mean?”. I: Aust Fam Physician. 34. årgang. Nr. 7. s. 595-597. (Kompendium).

Kotsirilos, V (2005). ”Complementary and alternative medicine, Part 2 – evidence and implications for GPs”. I: Aust Fam Physician. 34. årgang. Nr. 8. s. 689-691. (Kompendium).

Norsk Førstehjelpsråd (2007). Førstehjelp. Oslo: Gyldendal Undervisning.

Reinertsen, H og Notevarp, JO (2007), 4.utgåve . Legemiddelregning. Oslo: Fagbokforlaget.

Reitan, AM og Schjølberg, TK (red) (2004), 2. utgåve. Kreftsykepleie. Pasient – utfordring – handling. Oslo: Akribe Forlag as. s. 259-271. (Kompendium).

Szilasi, M, Dolinay, T, Nemez, Z (m.fl.) (2006). “Pathology of Chronic Obstructive Pulmonary Disease”. I: Pathology Oncology Research.12. årgang. Nr.1, s. 52-60. (Kompendium).

Schulze, S og Schroeder, TV (red) (2002). Basisbog i Sygdomslære. København: Munksgaard Danmark. s. 431–495. (Kompendium).

Simonsen, T, Aarbakke, J og Lysaa, R (2004), 2. utgåve. Illustrert farmakologi. Bergen: Fagbokforlaget. Bind 1 (unnateke del 4) og bind 2.

Vilberg, A (Red.) (2004). Norsk legemiddelhåndbok for helsepersonell. Oslo: Foreningen for utgivelse av Norsk legemiddelhåndbok. s. 446–449 (Eksemer) og s. 451–452 (Psoriasis). (Kompendium).