Etikk, Jus og Psykologi. Emne 5
Heiltid: 2. semester
Deltid: 3. semester
Mål for emnet er å gje studentane kunnskapar som gjer det mogeleg for dei å reflektere over etiske, juridiske og menneskelege dilemma dei vil møte i utøving av sjukepleieyrket.
Studenten:
- Kan gjere greie for grunntrekka i generell juridisk teori, forvaltningsrett, lov om pasientrettar og lov om helsepersonell
- Kan gjere greie for ulike tilhøve som verkar inn på utviklinga av personlegdomen til eit menneske, generelle kognitive funksjonar og normale psykologiske reaksjonar på sjukdom og krise
- Kan gjere greie for sjukerolla, krise og kriseintervensjon. Studenten skal utvikle sine evne til mellommenneskeleg og sjukepleiefagleg refleksjon over eige møte med pasientar og kollegaer
- Viser innsikt i sjukepleiedokumentasjon som arbeidsreiskap og grunnlag for utøving av fagleg forsvarleg sjukepleie
Rammer for utøving av sjukepleieyrket
- Samfunnsutviklinga sett i forhold til utfordringane i helse- og sosialsektoren
- Aktuelle verdiar og normer i samfunnet og i helse- og sosialfaga (også om korleis dei påverkar praktiske sjukepleiehandlingar)
- Verdiar, menneskesyn og livssyn
- Menneskerettane
- Ulike menneskesyn og konsekvensar i sjukepleiepraksis
Etikk
- Etikk, moral og verdiar
- Menneskesyn
- Normative etiske teoriar
- Etisk argumentasjon
- Etisk refleksjon
- Etiske dilemma i sjukepleiepraksis
- Yrkesetikk
- Etiske sider ved teieplikta
Jus
- Generell juridisk teori - Forvaltningslova
- Lov om helsepersonell og Lov om pasientrettar
- Sjukepleiar si dokumentasjonsplikt
Psykologi
- Faghistorie og faggrunnlag
- Det biologiske grunnlaget
- Utviklingspsykologi
- Læring, hukommelse, tenking/intelligens, språk
- Helsepsykologi
- Kriser og meistring
Kommunikasjon
- Individ og fellesskap, kommunikasjon, relasjon og empati
- Kommunikasjon mellom yrkesutøvar og brukar
SK155 Etikk, jus og psykologi. Skuleeksamen 4 timar. Individuell. Bokstavkarakter.
Brinchmann, BS (red) (2005). Etikk i sykepleien: Oslo : Gyldendal akademisk
212 s. ill.
Håkonsen, KM (2003, 3. rev. utg.). Innføring i psykologi. Oslo : Gyldendal akademisk.s. 13-113.
Kristoffersen, NJ og Nortvedt, P (2005). Relasjonen mellom sykepleier og pasient. Kapittel i bind 1 Kristoffersen, N, Jahren, Nortvedt, F og Skaug, E-A (2005): Grunnleggende sykepleie. Oslo: Gyldendal akademisk. s. 137 – 183 i bind 1.
Mathisen, J (2005). Livets avslutning ..Kapittel i Kristoffersen, N Jahren, Nortvedt, F og Skaug, E-A (2005): Grunnleggende sykepleie. Oslo: Gyldendal akademiske. s. 271 – 318 i bind 4.
Dahl, K, Heggdal, K og Standal, S (2005). Sykepleiedokumentasjon. Kapittel i Kristoffersen, N Jahren, Nortvedt, F og Skaug, E-A (2005): Grunnleggende sykepleie. Oslo: Gyldendal akademisk. s. 100-148 i kap 4.
Heggdal, K (2006). Sykepleiedokumentasjon. Oslo: Gyldendal akademisk. s.190 – 207 i kap. 8.
Molven, O (2003). Sykepleie og jus. Oslo: Gyldendal Akademisk. s. 17 – 199.
Syse, A (red) (2006) . Norges Lover - Lovsamling for helse- og sosialsektoren 2005-2006. Oslo: Gyldedal Akademisk.
Norsk sykepleierforbund (2001). "Yrkesetiske retningslinjer" Online. Web-adresse:http://www.nosf.no (22. februar 2007).
International council of nurses (1999). "Internasjonale, etiske reglar for sjukepleiarar" (Online). Web-adresse:http://www.nosf.no (22. februar 2007).