Study Programmes 07/08 / Courses / FACULTY OF HEALTH STUDIES / Vidareutdanningar / PS120 Psykisk helsearbeid, fellesdel  

PS120 Psykisk helsearbeid, fellesdel

Kode
PS120

Namn
Psykisk helsearbeid, fellesdel

Studiepoeng
30.00

Kategori
Obligatorisk del av tverrfagleg vidareutdanning i psykisk helsearbeid. Heile studiet består av to emne, kvar på 30 poeng. Studentane må ha gjennomført og greidd fellesdelen før dei kan starte på emne 2, fordjupingsdel.

Tid
haust 2006 og vår 2007

Mål for emnet
  • Emnet skal samla gje studentane utvida kunnskap og vidareutvikle kunnskapar om menneske med psykiske lidingar og rusavhengigheit i ulike fasar av livet og ulike perspektiv på behandling. Studentane skal kunne gjere greie for ulike vitskapsteoriar og konsekvensar for syn på menneske, helse og liding. Studentane skal vidareutvikle respekt og forståing for dei ulike profesjonane og legge til rette for felles omgrep og forståingsramme. Studentane skal arbeide med bevisstgjering av eigen kommunikasjon og samhandling. Dei skal og utvikle forståing for norsk psykiatri i eit historisk perspektiv og om utviklinga av psykiatri innan helse- og sosialtenesta.
  • Studentane skal kunne utøve helsefremjande- og førebyggande arbeid
  • Studentane skal kunne gjere bruk av forskings- og utviklingsarbeid
Innhald / oppbygging

Emnet er sett saman av tre delemne

Delemne 1: Mennesket, psykiske lidingar/rusavhengigheit og det sosiale miljø (12 studiepoeng)

  • Psykisk helsearbeid og rusomsorga si historie
  • Ulike vitskapsteoriar og konsekvensar for syn på menneske, helse og liding
  • Politiske føringar
  • Frivillige, sjølvhjelps og brukarstyrte tiltak
  • Omgrepsforståing: kunnskap, makt og avmakt, helse og livskvalitet, salutogenese/resiliiens
  • Etikk
  • Psykologi med vekt på sjølvutvikling og overføring - motoverføring
  • Ulike psykiske lidingar
  • Rusavhengigheit
  • Samtidige psykiske lidingar og rusrelaterte lidingar
  • Ulike modellar for behandling i psykisk helsearbeid og rusomsorga

Delemne 2: Kommunikasjon, samhandling og konfliktløysing 9 studiepoeng

  • Samhandling og kommunikasjon, relasjonskunnskap og relasjonsforståing
  • Tverrfagleg og fleirfagleg samarbeid
  • Handtering av konfliktar
  • Fagleg veiledning

Delemne 3: Organisering av tenestene for menneske med psykiske lidingar (9 studiepoeng)

  • Migrasjon, miljø og kultur
  • Ungdom, psykiske lidingar og rus
  • Barneperspektiv i psykisk helsearbeid
  • Krise
  • Suicidalitet
  • Menneske med utviklingshemming og psykisk helse
  • Psykisk helsevern vs psykisk helsearbeid
  • Lovverket
  • Forskingsmetode, prosessorientert skriving og tverrfagleg prosjekt arbeid

Kvalitetsutvikling og internkontroll

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings- og læringsformene gjenspeglar måla for emne. Dette inneber varierte arbeidsformer som førelesing, rollespel, video, sjølvstudium og oppgåveskriving individuelt og i gruppe, prosjektarbeid, kollokviegrupper, veilednings- og refleksjonsgrupper. Studentane må ha tilgang til internet.

Arbeidskrav

Arbeidskrav er obligatorisk arbeid som må vere gjennomført og godkjent før ein framstiller seg for eksamen. Fellesdelen har følgjande arbeidskrav:

·Ei skriftleg oppgåve relatert til grunnlagstenking/grunnlagsforståing, gruppearbeid. Omfang 6 sider

·90% frammøte til veiledning/refleksjonsgrupper

·80% frammøte til kommunikasjons- og samhandlingsseminaret

·Ei skriftleg oppgåve relatert til kommunikasjon, samhandling og konfliktløysing, individuell. Omfang 3 sider

·Deltaking i munnleg presentasjon av prosjektarbeid

Sluttvurdering

PS 120 Psykisk helsearbeid, fellesdel:

  • PS 120 001 Skriftleg eksamen 50%, individuell
  • PS 120 002 Prosjektrapport 50%, gruppeeksamen, ved stryk eller forbetring kan omarbeidd tekst leverast.
Pensum

Pensum vert lagt fram ved studiestart