Study Programmes 06/07 / Study Programmes / FACULTY OF ECONOMICS AND LA... / EN315 På skattejakt i Bygde-Noreg – lokalsamfunnsutvikling med vekt på ressursar i natur og kulturarv  

EN315 På skattejakt i Bygde-Noreg – lokalsamfunnsutvikling med vekt på ressursar i natur og kulturarv

Skriv ut Utskrift med emner
Namn på studiet
EN315 På skattejakt i Bygde-Noreg – lokalsamfunnsutvikling med vekt på ressursar i natur og kulturarv

Studiepoeng
15

Organisering
Studiet er eit deltidsstudium, over eitt semester



Innleiing

Kursnamnet ”På skattejakt i Bygde-Noreg” siktar til at det ligg unytta ressursar i bygdene våre i naturen og kulturarven. Altfor ofte er vi heimeblinde og ser ikkje verdiane i det som er rundt oss til dagleg. Det er fleire nivå i eit løp for å gjere desse ressursane om til tilleggsnæring eller heiltidsnæring for folk på bygdene.

Landbruket, kulturlandskapet og dei rike natur- og kulturarvressursane i bygdene kan utnyttast som grunnlag for slik næringsutvikling. Det er etterkvart vorte slik at det ofte er betre økonomi i å syne fram særmerke med ein stad enn å selje landbruksprodukta herifrå. Dette kan vere tenester knytt til eige gardsbruk / utmarksressursar eller at fellesressursar blir lagde til rette for besøkande.

Det kan vere ei utfordring for ”nye turistvertar” å ta rolla som formidlar utan å ha tenkt gjennom eller lært noko om prinsippa for dette. Nokre personar er naturtalent, og dei greier det bra utan. Men dei fleste vil ha nytte av å lære om dette på ein systematisk måte og prøve seg ut i trygge former.

Målgruppe

Målgruppe for opplæringa ”På skattejakt i Bygde-Noreg” vil først og fremst vere personar som deltek eller har delteke i bygdeutviklingsarbeid.

  • Kurset vil også vere interessant for
    tilsette, tillitsvalde og eldsjeler i friviljuge lag og organisasjonar, einskild -personar/eldsjeler som er opptekne av etablering og utvikling av ny verksemd i lokalsamfunnet, og som kanskje har idear om eigen etablering
  • tilsette i privat og offentleg verksemd som er opptekne av entreprenørskap og lokalsamfunnsutvikling
  • små reiselivsverksemder med tilknyting til gardsdrift er også aktuelle for eit slikt tilbod, og dessutan personar som er involverte i eksisterande ”attraksjonar” som treng revisjon, vidareutvikling og spissing av bodskap/essens.
Mål for studiet
  • Deltakarane skal etter opplæringa kunne forstå prinsippa for prosessleiing (i eige bygdemiljø) for å finne fram til særpreg og ressursar som kan leggast til rette for besøkande.
  • Deltakarane skal etter opplæringa kunne planlegge enkelttiltak etter prinsippa for interpretasjonsplanlegging
  • Deltakarane skal etter opplæringa kunne formidle essensen av sitt eige tiltak.
  • Deltakarane skal etter opplæringa kjenne til utfordringane ved tilrettelegging for turisme i bygdemiljø og sårbar natur.
  • Deltakarane skal få ei kort innføring i kriterier og metodar for kommersiell utnytting av ide/tiltak.
Opptakskrav / krav til forkunnskapar

Generell studiekompetanse eller realkompetanse

Innhald / oppbygging

Studiet inneheld ein teoretisk del med gjennomgang av fagområdet med forelesingar og gruppearbeid på ca. 50 timar og ein praktisk del med skriving av prosjektoppgåve.

Teoridelen vil bli gjennomgått i fire bolkar på 12 timar, 5 timar ettermiddag/kveld og 7 timar på dagtid. På kvar samling blir det i tillegg ekskursjonar til relevante stader for å sjå døme på god utnytting av natur eller kulturarv i praksis.

Samlingane blir haldne ulike stader i fylket, og det blir lagt opp til at sosial nettverksbygging styrkar det faglege innhaldet. Oppfølging mellom samlingane og ved oppgåverettleiing vil skje ved bruk av fjernundervisningsverktøyet Classfronter.

Oversyn over hovudemne i studiet:
1)Introduksjon, presentasjon, arbeidsformer
2)Innføring i tema og terminologi
3)Korleis finne eigenarten i lokalsamfunnet
4)Korleis kommunisere det spesielle med ein stad
Korleis planlegge for å utnytte naturen og kulturarven på ein levande og personleg involverande måte.
5)Korleis arbeide med formidling
6)Introduksjon til prosjektoppgåve
Detaljplanlegging av eige tiltak eller felles case. (Kvifor, kva, kven, korleis, val av medium, opplegg for drift og evaluering.)
7)Korleis mobilisere bygda og få med ”dei glade amatørane” - Prosessarbeid
8)Turisme i bygdene – er det ukomplisert ?
9)Korleis nytte tilgjengeleg materiale og fagressursar
Søk i databasar i fylkesarkivet, Kulturhistorisk atlas,
Informasjon fagmiljø Fylkesmannen og fylkeskommunen, universitet og høgskulemiljøa
10)Avrunding og oppsummering
Korleis utnytta dette kommersielt ? Frå ide til forretningside.

Undervisnings- og læringsformer

Gjennomføringa av kurset vil vi knyte opp mot REAL-metodikken. REAL (Rural Entrepreneurship Through Action Learning) er eit opplæringsprogram for entreprenørskap utvikla i USA av Jonathan P. Sher og Paul DeLargy . (www.gareal.org/). I Sogn og Fjordane er bygdeutvikling og entreprenørskap viktige satsingsområde under program i fylkesplanen. Både HSF, NHO, SND, fylkeskommunen og Fylkesmannen (FMLA) har vore aktive deltakarar i dette arbeidet. Frå 2002 har Høgskulen gjennom etablering av REAL Norge engasjert seg sterkt for å tilpasse REAL- konseptet til norske forhold.

Primært er REAL- materialet tilrettelagt for grunnskule og vidaregåande skule, men Georgia REAL har også tilpassa opplegget for bruk i lokalsamfunn og bygdeutvikling. Dette kallar dei ”community education” og det dreier seg også om å sjå ressursar og fokusere på å nytte ut desse i lokalsamfunna.

Arbeidskrav

- Obligatorisk deltaking på alle samlingane (fire samlingar).

Sluttvurdering

- Prosjektoppgåve på maks. 15 sider. Denne kan gjerast indivduelt, helst to eller maks tre personar som skriv oppgåva i lag.

EN315 Individuell munnleg eksamen med framlegging av godkjent prosjektoppgåve. Bokstavkarakterar.

Vekting 100%

Pensum

Førebels pensumliste (400 - 600 sider). Endeleg pensumliste blir sett opp i samråd med studentane. Pensum vil bli tilgjengeleg gjennom fagbøker og artiklar i kompendium.

Pensumliste

 

”På skattejakt i Bygde-Noreg – lokalsamfunnsutvikling med vekt på ressursar i natur og kulturarv.”

Mrk.: Titlar merka * er å finne i kompendium.

 

Forfattar /tittel

Sider

Lønning, Dag Jørund (red) "Den Norske Bygda og Den Store Verda - Om lokal utvikling i ei global tid" Telemarksforsking - Bø 2003 best: www.telemarksforsking.no--> Publikasjonar --> søk på forfattar el tittel - bestill pr e-post el tlf, 35 06 15 00 kr 280

174

Austad, Invild og Einar Ådland (red) ”Kulturminner, kulturlandskap og kultur-turisme”, Universitetet i Bergen/HSF, Bergen Museums skrifter nr 11, 2000 kr 150 Bestilling: www.uib.no -> Fakulteter/enheter --> Bergen Museum --> Publikasjoner --> bestilling

 

Austad, Ingvild og Ann Norderhaug – Kulturminner og kultur-turisme – problemer, muligheter og utfordringer. (s 5 – 13)

8

Monnet, Karen – Hvordan ta vare på kulturminner, natur- og kulturlandskap i moderne utbygging?(s 13 – 26.)

12

Andersen, Anders – Frå turistinformasjon til opplevingsturisme. Formidling som utviklingsarena i bygdenorsk reiseliv? (s 65 – 71.)

7

Dybvad, Tom – Naturbruksprosjektet; vern, bruk og næring. (s 81 – 91)

10

Kompendium:

 

* Amdam, Roar og Bukve, Oddbjørn (red) Det regionalpolitiske regimeskiftet -tilfellet Noreg, Det norske samlaget, 2004 , Høyvik, Eli-Grete, Interpretasjonsplanlegging – om å foredle skattane i Bygde-Noreg,

15

*Carter, James, (editor) 1997: A Sense of Place – an Interpretive Planning Handbook , Tourism & Environment Initiative, Inverness

55

*Tilden, Freeman, 1977: Interpreting Our Heritage, The University of North Carolina Press, Durham. ISBN 0-8078-4016-5

64

* Bischoff, Anette og Odden, Alf - Moderninseringsprosessar i utmarka - konsekvensar av endringer innenfor friluftslivet. Tidsskriftet uUmark 1/2000

8

*Veverka, John A. 1997: Interpretive Master Planning, Acorn Naturalists, Tustin, CA.

63

Referanselitteratur:

 

Amdam, Roar og Amdam, Jørgen – Kommunikativ planlegging,Det norske samlaget, ISBN 82 - 521 - 5601 -0 Side 76 - 119 og s241 - 282

84

*SND - Forslag til handlingsplan Næringsutvikling i utmark med vekt på utmarksbasert reiseliv, juli 2003

12

Fitje, Anders, 2001: Turisme i Noreg – ei samfunnssak?, Det Norske Samlaget, Oslo (s 9 - 83 og s 132 - 146)

88

Totalt sider

600

Tilleggslitteratur

 

Vestlandsforsking - Næringsmessig potensiale for kvalitetsturisme,, VF-rapport 4/2003

100

Viken, Arvid, (red) 2001 Turisme – tradisjoner og trender, Gyldendal, ISBN 82-05-28743-0

262