Namn på studiet
Landskapsplanlegging med landskapsarkitekturfag, bachelorstudium
Studiepoeng
180
Organisering
Heiltid
Innleiing
Det 3-årige bachelorstudiet i landskapsplanlegging med landskapsarkitekturfag ved HSF er både ei sjølvstendig yrkesutdanning og eit grunnlag for mastergradspåbygging i landskapsplanlegging med landskapsarkitekturfag ved HSF i samarbeid med Københavns Universitet (KVL) i Danmark og Sveriges Landbruksuniversitet (SLU). Studiet gjev også grunnlag for mastergradspåbygging i fysisk planlegging og ein del andre fagretningar ved andre høgskular og universitet. Studiet gjev ei tverrfagleg utdanning som kombinerer planleggingsrelevante naturfaglege emne med yrkesretta planleggings- og forvaltningsemne. Det 4. semesteret er valfritt, med høve til studieopphald ved universitet eller høgskular i utlandet eller emne innan landskapsarkitektur, eventuelt andre emne ved HSF. I tredje året skal studentane skrive ei bacheloroppgåve basert på resultat frå eigne undersøkingar på aktuelle problemstillingar innan areal- eller landskapsplanlegging, kulturlandskapskjøtsel og /eller kulturminneforvaltning.
Kompetanse / formell grad
Fullført studium med dei valfrie emna "Landskapsinngrep og terrengforming", "Teikning, form, farge" og "Hage- og landskapsplanter" gir rett til vitnemålet " Bachelorgrad i landskapsplanlegging med landskapsarkitekturfag". Med andre valemne gjev fullført studium rett til vitnemålet "Bachelorgrad i landskapsplanlegging". Begge bachelorgradane gjev opptak til mastergradsstudium i landskapsplanlegging med landskapsarkitekturfag ved HSF/KVL/SLU. Fullført bachelorstudium kvalifiserer også til opptak til mastergradsstudium ved andre universitet og høgskular.
Målgruppe
Bachelorstudiet har følgjande målgrupper:
- Personar som ønskjer ei kortare og fleksibel yrkesutdanning som gjev kompetanse i landskaps- og arealplanlegging og forvaltning av natur- og kulturlandskap
- Personar som ønskjer ein mastergrad i landskapsplanlegging med landskapsarkitekturfag
- Personar som ønskjer ein mastergrad i fysisk planlegging eller arealplanlegging
- Personar som ønskjer å ta ei tverrfagleg utdanning som kan nyttast i kombinasjon med ulike vidare studium ved universitet eller høgskular
Mål for studiet
Målet med utdanninga er ein bachelorgrad som skal gi studenten:
- Ein tverrfagleg og fleksibel kompetanse som kombinerer kunnskap i naturfag og samfunnsfag
- Kunnskap om natur- og kulturmiljø som grunnlag for planlegging og forvaltning
- Kunnskap om offentleg planlegging og forvaltning
- Røynsle i landskapsanalyse, areal- og reguleringsplanlegging
- Røynsle i prosjektering, formgjeving og landskapstilpassing av inngrep
- Spesiell kompetanse i kulturlandskapsfag
- Kunnskap og røynsle med IKT og geografisk informasjonsbehandling
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre
- Evne til å gjere greie for sine kunnskapar og oppnådde resultat skriftleg og munnleg
Opptakskrav / krav til forkunnskapar
Opptakskravet er generell studiekompetanse / realkompetanse.
Innhald / oppbygging
Studiet er bygd opp med emne på 5, 10 eller 15 studiepoeng. Kvart emne vert undervist i blokk, med sluttvurdering etter avslutta undervisning. Kvart semester inneheld emne på 30 studiepoeng. Bachelorstudiet er samansett av obligatoriske emne tilsvarande 150 studiepoeng og 30 studiepoeng valfag. Nærare omtale av dei einskilde emna er å finne under emneomtalane.
Undervisnings- og læringsformer
Dei naturfaglege emna inneheld ekskursjonar, laboratorieøvingar og / eller feltarbeid i tillegg til førelesingar. Dei planfaglege emna inneheld prosjektoppgåver som individuelle arbeid eller gruppearbeid. Ved ekskursjonar og feltarbeid må studentane vere budde på å betale ein eigendel for reise og opphald. Nærare omtale av undervisnings- og læringsformer går fram av omtalen av dei einskilde emna.
Studieopphald i utlandet
Studiet er tilpassa eit opphald i utlandet i 4. semester.
Studentar som ønskjer det kan få innpassa emne tilsvarande eitt semesters studium (30 ECTS/ studiepoeng) ved utanlandsk institusjon som del av utdanninga ved HSF. Emnevalet skal førehandgodkjennast av HSF.
Studenten følgjer ordinær undervisning ved vertsinstitusjonen. Utvekslingsavtalar er inngått med universitet i England, USA, Tyskland og Nederland.
Arbeidskrav
Fleire emne har obligatoriske arbeidskrav enten i form av laboratorieøvingar, feltarbeid, ekskursjonar eller skriftlege oppgåver, delvis i kombinasjon med munnlege presentasjonar. Godkjende arbeidskrav er eit vilkår for å framstilla seg til eksamen i dei aktuelle emna. Emneomtalane gjev nærare informasjon om arbeidskrav.
Sluttvurdering
Vurderingsordninga går fram av omtalen av dei einskilde emna.
Pensum
Pensumlister går fram av emneomtalane. Det kan bli utlevert reviderte pensumlister ved oppstart av undervisninga.