Study Programmes 07/08 / Courses / FACULTY OF ENGINEERING AND... / BI445 Økologi og evolusjon  

BI445 Økologi og evolusjon

Kode
BI445

Namn
Økologi og evolusjon

Studiepoeng
10.00

Kategori
Obligatorisk emne i bachelorstudia i landskapsplanlegging med landskapsarkitektur

Tid
2. studieår, haust

Mål for emnet

Studentane skal beherske det teoretiske stoffet som emnet inneheld. I den praktiske delen skal dei lære enkle målemetodar for ymse miljøfaktorar.

Forkunnskapar

Ingen formelle, men ein føremon med kunnskap i matematikk og kjemi.

Innhald / oppbygging

Struktur og funksjon i økosystem generelt. Energistraum gjennom økosystem. Biogeokjemiske krinsløp, og mennesket sin påverknad. Miljøfaktorar (abiotiske og biotiske) og miljøkrav hos planter og dyr. Atferdsøkologi. Populasjonsøkologi, populasjonsdynamikk. Samfunn og deira dynamikk. Ulike økosystem. Evolusjon innanfor populasjonar, artsdanning, fylogeni.

Feltkurset: Lære enkle økologiske registrerings- og innsamlingsmetodar på land og i vatn.

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, kollokvium, feltkurs, to skriftlege innleveringar til mappe.

Ekskursjonar

Feltkurs i nærområdet.

Arbeidskrav

Godkjent rapport frå feltkurs.

Sluttvurdering

BI445 002 Mappe: to skriftlege innleveringar, tel 40 %

BI445 001 Eksamen, skriftleg, 3 timar, tel 60 %

Pensum
  • Fimreite, N. 1997: Innføring i økologi. Samlaget. ISBN 82-521-4785-2.
  • Campbell, N.A. & Reece, J.B. 2002: Biology. 6.utg. ISBN Enkelte kapittel.

Støttelitteratur:

  • Smith, R. & Smith. T. 2000: Elements of ecology. ISBN 0-321-04280-8.
  • Begon, J.L., Harper, C.R. and Townsend, C.R. 1996: Ecology. Individuals, populations and communities. 3.utg. Blackwell Science. ISBN 0-632-03801-2.
  • Giske, J. & Jakobsen, P. 1999: Evolusjon og økologi - en innføring. Fagbokforlaget. ISBN 82-7674-483-4.