Study Programmes 07/08 / Courses / FACULTY OF ENGINEERING AND... / PL490 Bacheloroppgåve i Landskapsplanlegging med landskapsarkitekturfag  

PL490 Bacheloroppgåve i Landskapsplanlegging med landskapsarkitekturfag

Kode
PL490

Namn
Bacheloroppgåve i Landskapsplanlegging med landskapsarkitekturfag

Studiepoeng
15.00

Kategori
Obligatorisk emne i bachelorstudium i Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur.

Tid
Vårsemester 3. studieår. Det er føresett at feltarbeid vert utført sommaren etter 4.semester. Frist for val av emne er 1. april i 4. semester.


Mål for emnet

Lære å arbeide sjølvstendig. Få trening i å finne fram og velje ut aktuelt stoff, til å kombinere resultat frå eigne granskingar med tidlegare arbeid, og til å trekkje slutningar.

Forkunnskapar

Krav for å ta til på bacheloroppgåve: Greidd 90 studiepoeng av emna i i bachelorstudiet i Landskapsplanlegging med landskapsarkitekturfag eller tilsvarande.

Innhald / oppbygging

Oppgåva kan vere naturvitskapeleg eller ha planfagleg karakter. Oppgåva må veljast innan fagfelt der ein har rettleiingskompetanse og -kapasitet ved AIN. Det er utarbeidd eigne retningsliner for bacheloroppgåver ved avdelinga.

Undervisnings- og læringsformer

Sjølvstendig studentarbeid med rettleiing av ein eller fleire faglærarar. Det er ønskjeleg at 2 - 3 studentar går saman om ei oppgåve.

Sluttvurdering

Bacheloroppgåve
Bokstavkarakter.