Namn på studiet
Turisme og reiseliv, årsstudium
Studiepoeng
60
Organisering
Studiet er organisert som eit heiltidsstudium over eit år (2 semester). Det er høve til å ta einskildemne, men fleire av emna er lagt opp med obligatorisk deltaking i ekskursjonar.
Innleiing
Dette er eit studium med emne som er grunnleggande innan for fagområdet turisme og reiseliv. Emna vil gi ein basis kunnskap som kan være til nytte i det praktiske arbeidslivet.
Kompetanse / formell grad
Årsstudium i turisme og reiseliv skal gi grunnleggande teoretisk kompetanse innan turisme og reiseliv. Studiet gir også grunnlag for å søkje om opptak og halde fram på bachelorstudium i turisme og reiseliv.
Målgruppe
Studiet vil høve for studentar med generell studiekompetanse eller realkompetanse som ønskjer ei grunnleggande innføring i turisme og reiseliv. Det kan også være relevant for bachelorkanditatar eller andre med utdanning frå høgskule eller universitet som ønskjer eit påbyggingsstudium innan turisme og reiseliv.
Årsstudiet vil også høva særs godt for dei som i utgangspunktet ikkje ynskjer ein grad, men som i yrkessamanheng treng grunnleggjande kunnskap innan turisme og reiseliv.
Mål for studiet
Studiet tek sikte på å utvikle studentane sine praktiske og faglege føresetnader for arbeid innafor reiselivet. Eit viktig mål med studiet er også å skape eit godt og breitt grunnlag for seinare læring og framgang, både i vidare studiar og i arbeidslivet. Eige samarbeidsforum med reiselivsnæringa og kontinuerlig nettverksbygging med relevante aktørar i bransjen skal syte for oppdatert kunnskap og formell kontakt med næringen for studentane og fagmiljøet ved skulen. Bruk av ekskursjonar, bedriftsbesøk, gjesteforelesarar frå næringa og relevante case og døme frå bransjen i undervisninga.
Opptakskrav / krav til forkunnskapar
Opptakskravet til Årsstudium i turisme og reiseliv er generell studiekompetanse/ realkompetanse.
Innhald / oppbygging
Reiselivsstudiet er sett saman av større og mindre emne. Studiet tek utgangspunkt i særdraga ved reiselivsnæringa med tilhøyrande bransjetilpassing av kunnskap, teoriar og metodar i studiet. I studiet vert det lagt vekt på å tilpasse fag til bransjespesifikke tilhøve, slik at studentane får høve til å utvikle eigne evner til å bruke fagkompetansen knytt til konkrete bransjespesifikke spørsmål.
Årsstudium turisme og reiseliv
Undervisnings- og læringsformer
I undervisninga vil det verta nytta forelesingar, gruppearbeid og løysing av oppgåver individuelt og i grupper. Vidare vil ekskursjonar, bedriftsbesøk, gjesteforelesarar frå reiselivsnæringa og kontakt med reiselivsaktørar vera ein del av studiet.
Arbeidskrav
Det er lagt opp til innlevering av obligatoriske gruppeoppgåver og arbeidskrav i fleire av emna. Sjå omtale av dei einskilde emna.
Ekskursjonar:
Studiet omfattar fleire ekskursjonar og bedriftsbesøk med obligatorisk deltaking.. Ekskursjonen har ei lengd frå 1 - 3 dagar. Turane går til sentrale norske reisemål for studiar av ulike reiselivsprodukt, tema og reisemål. I samband med ekskursjonar/ feltundervisning må studentar ved HSF vere budde på å betale ein eigendel for reise og opphald. Sjå HSF sitt felles reglement for dekking av bu- og reiseutgifter til studentane: http://www.hisf.no/studadm/reglement/bureiseutgifter
Sluttvurdering
Eksamensordninga går fram av omtalen av dei einskilde emna.
Pensum
Sjå omtale av dei einskilde emna.