Namn på studiet
Organisasjon og leiing, årsstudium
Studiepoeng
60
Organisering
Studiet er organisert som eit heiltidsstudium over eitt år. Det er høve til å ta enkeltemne i studiet.
Innleiing
I arbeidslivet endar mange av oss som leiarar på eit eller anna nivå. Dette studiet gjev innsyn i korleis organisasjonar fungerer og kva som skal til for å vere leiar i ein organisasjon.
Studiet rettar seg mot deg som ønskjer å lære om ulike typar organisasjonar, og leiing av desse. Etter fullført årsstudium kan du ved HSF halde fram på ein bachelorgrad innanfor økonomi og administrasjon, ungdomssosiologi eller historie. Du kan også nytte studiet som påbygging på annan utdanning eller del av eit bachelorstudium.
Kompetanse / formell grad
Fullført studium gjev karakterutskrift for "Organisasjon og leiing, årsstudium". Studiet kan inngå som eitt år (60 studiepoeng) i ein bachelorgrad, eller den valfrie delen (4. året) i 4-årig allmennlærarutdanning. I yrkessamanheng vil studiet gje kandidatar med 2- eller 3- årig høgskuleutdanning breiare basis for stillingar i næringslivet eller offentleg forvaltning.
Målgruppe
Studiet er ope for alle med studiekompetanse. Det kan høve for dei som ønskjer kjennskap til fagområdet organisasjon og leiing med tanke på vidare studiar, eller for dei som har relevant arbeidslivserfaring og ønskjer å styrke sin faglege kompetanse innan organisasjon og leiing.
Mål for studiet
Studiet skal gje innsyn i korleis organisasjonar fungerer og kva som skal til for å vere leiar i ein organisasjon.
Opptakskrav / krav til forkunnskapar
Opptakskravet til studiet er generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Innhald / oppbygging
Studiet er sett saman av seks emne på 5-15 studiepoeng. Dei fleste av desse er obligatoriske, men du kan i første semester velje mellom føretaksstrategi eller offentleg styring og organisering. Første semester har fokus på organisasjon, medan i andre semester er det fokus på leiing. I studiet inngår det òg ei semesteroppgåve på 10 studiepoeng.
Studiet er bygd opp slik:
|
1. SEMESTER HAUST
|
2. SEMESTER VÅR
|
|
Organisasjonskunnskap 10 sp
|
Endringsleiing 15 sp
|
|
Prosjektleiing 10 sp
|
Personalleiing 5 sp
|
|
Valemne:
Føretaksstrategi 10 sp
eller Offentleg styring og organisering 10 sp
|
Semesteroppgåve 10 sp
|
Undervisnings- og læringsformer
Undervisninga vekslar mellom førelesingar, gruppeøvingar og organiserte kollokviegrupper med rettleiar. Ikt vert brukt i større eller mindre grad i alle emne. Studiet krev også ein stor eigeninnsats i form av tileigning av pensum og bruk av stoffet i skriftlege oppgåver og presentasjonar.
Praksis
Det er ikkje krav om praksis i studiet.
Studieopphald i utlandet
Inngår ikkje i studiet.
Arbeidskrav
Nokre av emna i studiet inneheld skriftlege arbeidskrav, eitt emne har krav om munnlege presentasjonar.
Sluttvurdering
Alle emna i studiet har ei avsluttande vurdering. Vurderingsformene varierer og er samansette av skriftleg skuleeksamen, individuell innleveringsoppgåve, gruppeoppgåve og munnleg eksamen.
Pensum
Sjå omtalen under kvart enkelt emne.