Organisasjon og leiing, SF311

Skriv ut Utskrift med emner
Namn på studiet
Organisasjon og leiing, SF311

Studiepoeng
30 studiepoeng

Organisering
Heiltidsstudium, vert undervist i vårsemesteret.


Kompetanse / formell grad

Delvis nettbasert valfritt fag/fordjupingseining i den 3-årige
førskulelærarutdanninga. Vidareutdanning for førskulelærarar.

Mål for studiet

Gjennom studiet skal studentane utvikle innsikt som kvalifiserer til leiaroppgåver på ulike nivå i barnehagesektoren. Studentane skal gjennom studiet forstå barnehagen som institusjon både internt og i eit større samfunnssystem. Studiet vil vere med å gi bidrag til ei meir generell yrkeskompetanse.

Opptakskrav / krav til forkunnskapar

Førskulelærarutdanning

Innhald / oppbygging

Ein vil i hovudsak konsentrere seg om følgjande tre hovudarbeidsområde:
– Leiing
– Organisasjonsteori og organisasjonsutvikling
– Det politiske og administrative system, lovverk og tverretatleg samarbeid

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, sjølvstudium, gruppearbeid, prosjektarbeid, rettleiing.

Praksis

2 veker:
– Praksis som barnehagestyrar eller
– Praksis i ein kommunal barnehageadministrasjon eller
– Praksis som rektor eller anna relevant yrke

Rapportering for resten av klassen etter praksisperioden.

Arbeidskrav

– Opponent og framlegging av eit mindre arbeid for dei andre studentane
– Aktiv deltaking i pbl-prosessen med eksamensprosjektet
– Praksis; førebuing, gjennomføring og etterarbeid med munnleg framlegging
– Obligatorisk oppmøte til delar av undervisninga. Kva delar dette gjeld skal gå fram av semesterplanen.

Sluttvurdering

Vårsemesteret
a) SF311 201 Individuell, skriftleg eksamen
Eksamenstid: 6 timar
Vekting: 50 %

b) SF311 202 Prosjektrapport, gruppearbeid
Eksamenstid: Arbeidet strekkjer seg over heile vårsemesteret
Vekting: 50 %

Pensum

Førebels pensumliste skal ligge føre ved studiestart. Endeleg pensumliste skal ligge føre innan oppmeldingsfristen til eksamen. For vårsemesteret er denne fristen 15. februar.