Namn på studiet
Læringsstrategiar og tilpassa opplæring 2, PE352
Studiepoeng
15
Organisering
Studiet er organisert som eit deltidsstudium over 1 år, og vil veksle mellom felles samlingar, gruppesamlingar og nettbasert arbeid.
Kompetanse / formell grad
Studiet gjev 15 studiepoeng i ei vidareutdanning. Saman med emne 1 gjev dette 30 studiepoeng i læringsstrategiar og tilpassa opplæring.
Målgruppe
Lærarar på mellomsteget, ungdomssteget og i vidaregåande skule
Mål for studiet
Studiet skal gi grunnlag for å vidareutvikle lærarane sin didaktiske kompetanse i forhold til arbeid med ulike typar læringsstrategiar og tilpassa opplæring i skolen.
Studentane skal:
- Få innsikt i den praktisk-pedagogiske vektlegging av læringsstrategiar og tilpassa opplæring som finn stad i skular i Noreg og andre land.
- Få innsikt i nyare teoretisk grunnlag for utvikling av læringsstrategiar og tilpassa opplæring.
- Utvikle evne til å planlegge og leggje til rette for ulike læringsstrategiar og tilpassa opplæring i samarbeid med kollegaer, elevar og foreldre.
Opptakskrav / krav til forkunnskapar
Fullført Læringsstrategiar og tilpassa opplæring 1
Innhald / oppbygging
Vi legg vekt på at studiet skal vere aktuelt ved å ta opp nyare utviklingsarbeid og litteratur som gjeld grunnskule og vidaregåande skule.
Vi vil arbeide vidare og djupare med dei tre hovudtema frå emne 1:
|
LÆRING
|
UNGDOM
|
PEDAGOGISK UTVIKLINGSARBEID
|
|
Differensiering og fellesskap
Organisering og arbeidsmåtar
Læringsstrategiar i ulike fag
Utvikling av lese- og skrivekompetanse på ungdomssteget
Vurdering og læring
Grunnleggande ferdigheiter
|
Sosialisering
Identitet
Kjønn
|
Ulike utviklingsstrategiar
Planlegging, gjennomføring og dokumentasjon
Organisasjonslæring og skuleutvikling
|
Undervisnings- og læringsformer
Studiet vil veksle mellom felles samlingar, gruppesamlingar og nettbasert arbeid. Samanhengar mellom praksis og teori vil bli vektlagt gjennom heile studiet.
Pedagogisk utviklingsarbeid der ein prøver ut tema i studiet i eigen klasse undervegs i studiet.
Praksis
Lærarar som tek studiet og som er i arbeid, gjennomfører pedagogisk utviklingsarbeid i eigen klasse/ medstudent(ar) sin klasse.
Arbeidskrav
Deler av undervisninga er obligatorisk. Kva deler dette gjeld går fram av semesterplanen.
Mål med arbeidskrava er å dokumentere kunnskap innafor sentrale tema i studiet. Arbeidskrava vil veksle mellom ulike dokumentasjonsformer og mellom individuelle og gruppebaserte arbeid.
To arbeidskrav: eitt notat om lese- og skriveopplæring, knytt til eigen praksis og eitt notat/presentasjon i matematikk
Sluttvurdering
PE352 Heimeeksamen over tre dagar.
Vekting: 100 %
Pensum
Pensumliste ligg føre ved studiestart.