IKT i pedagogisk arbeid med barn

Skriv ut Utskrift med emner
Namn på studiet
IKT i pedagogisk arbeid med barn

Studiepoeng
15

Organisering
Studiet er samlingsbasert og delvis nettbasert. Det er ikkje krav om forkunnskapar i IKT/digitale verktøy, men studentane må ha datamaskin og minimum verktøy tilsvarande Microsoft Office 98 og internettilkopling. I tillegg må dei kunne disponere digitalt kamera.

Innleiing

Studiet er eit vidareutdanningstilbod retta mot tilsette i barnehagen som har førskulelærarkompetanse eller tilsvarande høgre utdanning. Studieplanen er utvikla i nært samarbeid med arbeidsgivar- og brukargruppa. Studiet tek utgangspunkt i Rammeplan for barnehagen og temahefte om IKT i barnehagen. Studiet skal vere praktisk retta og gje studentane grunnleggjande kunnskap om digitale verktøy og fagleg kunnskap om bruk av IKT/digitale verktøy i dagleglivet i barnehagen.

Kompetanse / formell grad

Vidareutdanning for pedagogar i barnehagen

Målgruppe

Studiet er relevant for tilsette i barnehage som har førskulelærarkompetanse eller tilsvarande.

Mål for studiet
  • Få kjennskap til digitale verktøy
  • Øve opp evna til å bruke digitale verktøy som et middel til å nå faglege, pedagogiske mål
  • Lære korleis digitale verktøy kan vere kjelde til leik, kommunikasjon og innhenting av kunnskap
  • Utvikle reflekterte haldningar til pedagogisk bruk av digitale verktøy
  • Reflektere over dei sentrale endringane digitale verktøy kan medføre i barnehage, skule og samfunn og motivere barna til å bli produsentar meir enn konsumentar i ei ”digital verd”
  • Få oversikt over aktuelt lovverk og utvikle etisk medvit til bruk av digitale verktøy
Opptakskrav / krav til forkunnskapar

Fullført førskulelærarutdanning eller tilsvarande

Innhald / oppbygging
  • Innføring i bruk av IKT/digitale verktøy
    o Standard programvare
    o Lyd og bilete
  • Bruk av IKT/digitale verktøy i det pedagogiske arbeidet i barnehagen
    o Barns medverknad
    o Dokumentasjon
    o Kommunikasjon: språk, tekst, tal, rom og form
  • Etikk, lov og regelverk i eit samfunnsperspektiv
    o Digitale verktøy som middel for sosial utjamning og likestilling
    o Kritisk og reflektert forhold til samfunnsendringar
    o Aktuelt lovverk og nettvett
Undervisnings- og læringsformer

Studiet er desentralisert og organisert som ei veksling mellom regionale samlingar med tradisjonelle førelesingar og gruppearbeid, deltaking i lokale studiegrupper og individuelt arbeid.

Arbeidskrav
  • Frammøte til dei regionale samlingane
  • 1 individuelt arbeidskrav knytt til eigen arbeidsplass
  • 2 arbeidskrav i gruppe
Sluttvurdering

IT303 IKT i pedagogisk arbeid med barn: Individuell presentasjon med utgangspunkt i sentralt arbeid i studiet

Pensum

Førebels pensumliste vil liggje føre ved studiestart. Endeleg pensumliste vert fastesett innan 15. februar