Samlingsbasert studium på deltid og går over eitt semester. Nettbasert rettleiing.
Interpretasjonsplanlegging er ein metode for å utvikle opplevingsprodukt på grunnlag av den lokale naturen og kulturen. Studiet tek utgangspunkt i den kulturøkonomiske tenkjemåten og det å finne og skape særpreg for lokalsamfunna våre (interpretasjonsplanlegging eller geoturisme).
Allmennlærarar og andre med interesse for lokalsamfunnsutvikling
Målet er at dei som tek dette studiet skal kunna bli ressurspersonar i arbeidet med å kartlegge lokale ressursar og planlegge for å utvikle og formidle om desse til beste for skule og lokalsamfunn.
Lærarutdanning eller realkompetanse
- Kulturøkonomi og grunnleggande forståing av essensen i moderne bygdeutvikling - prosessleiing og bygdemobilisering
- Korleis finne fram til eigenart og aktuelle ressursar i lokalsamfunnet – ”På skattejakt i Bygde-Noreg”
- Prosjektarbeid: Lokalsamfunnsprosjekt i skulen eller ”eige prosjekt” for å nytte natur eller kulturarv.
Erfaringsbasert prosesslæring i grupper kombinert med forelesingar og ekskursjonar
Obligatorisk deltaking på samlingane
EN301 001 Entreprenørskap, emne 2: Innlevering av prosjektoppgåve
Vekting 40%
Studenten må ha karakteren E eller betre på prosjektoppgåve for å kunna gå opp til munnleg eksamen.
EN 301 002 Entreprenørskap emne 2: Munnleg individuell eksamen med framlegging av prosjektoppgåve
Vekting 60%
Er på ca 1000 sider og kan bli justert i samråd med studentane.
Forfattar /tittel
- Lønning, Dag Jørund (red) "Den Norske Bygda og Den Store Verda - Om lokal utvikling i ei global tid" Telemarksforsking - Bø 2003 (174 sider)
- Amdam, Roar ”Planlegging som handling”, Universitetsforlaget, 2005 (262 sider)
- Amdam, Roar og Bukve, Oddbjørn (red) Det regionalpolitiske regimeskiftet -tilfellet Noreg, Det norske samlaget, 2004, div aktuelle artiklar (ca 30 sider)
- Austad, Invild og Einar Ådland (red) ”Kulturminner, kulturlandskap og kultur-turisme”, Universitetet i Bergen/HSF, Bergen Museums skrifter nr 11, 2000, 4 artiklar (40 sider)
- Mørkved, Kjetil, og Elisabeth Sand, ”Framtidsbygda 2015 : Bygdeutvikling/bygdemobilisering som strategi for utvikling ”, Høgskolen i Nord-Trøndelag, DVD-video, 2005 Produsert av Jonas Taraldsen, student på Multimediateknologi , INN210 Innovasjon i teori og praksis (45 min)
- Farsund, Arild Aurvåg, ”Framtidsbygda 2020”, fagutredninger, Rogalandsforskning, 2005/15 (100 sider)
* Kompendium:
*Carter, James, (editor) 1997: A Sense of Place – an Interpretive Planning Handbook , Tourism & Environment Initiative, Inverness (55 sider)
*Tilden, Freeman, 1977: Interpreting Our Heritage, The University of North Carolina Press, Durham. ISBN 0-8078-4016-5 (64 sider)
*Berg, Nina Gunnerud og Lysgård, Hans Kjetil, ”Ruralitet og urbanitet: bygd og by”, Plan, 2004 – 2, Oslo s 18 – 25 (7 sider)
*Clementsen, Morten, ”Landskap, kulturarv og lokalsamfunn : korleis kan eit lokalsamfunn få handlingsrom til å nytte landskap og kulturarv til å skape vekst og utvikling?”, La stå! (Riksantikvaren) nr 1 – 2004 (2 sider)
* Bischoff, Anette og Odden, Alf - Moderninseringsprosessar i utmarka - konsekvensar av endringer innenfor friluftslivet. Tidsskriftet uUmark 1/2000 (8 sider)
Plan og bygningslova (Lov 1985 – 06- 04 nr 77) (21 sider)
St. meld nr 38 (2002 - 2003) ”Den kulturelle skulesekken” (61 sider)
St.meld nr 22 (2004 – 2005) ”Kultur og næring” (136 sider)
I tillegg vil REAL-materialet og Høyvik, Eli-Grete ”På skattejakt i bygde-Noreg”, 2002, Høgskulen i Volda, bli brukt – totalt ca 100 sider