Samlingsbasert studium på deltid og går over eitt semester. Nettbasert rettleiing.
Studiet tek utgangspunkt i opplevingsøkonomien og at det ligg mykje unytta ressursar i lokalsamfunna i Noreg. Studentane blir oppmoda om å ”gå på skattejakt” i eige lokalsamfunn og grave fram skattar i naturen, historia og kulturarven som treng å bli nytta ut betre og formidla til glede for buande og besøkande.
Allmennlærarar og andre med interesse for natur og kulturarv
Målet er at dei som tek dette studiet skal kunna bli ressurspersonar i arbeidet med å utvikla gode formidlingsprodukt i lokalsamfunna og/eller styrke skulen sitt arbeid på dette feltet. Studentane skal kunne praktisere interpretasjon eller nytte dette som undervisningsmetode for å formidle verdiar i natur, historie og kulturarv til elevar.
Lærarutdanning eller realkompetanse
- Teori om formidling av natur og kulturarv (interpretasjon) med tanke på å skape lokale produkt for besøkande.
- Korleis planlegge og gjennomføre i praksis tiltak for å oppleve naturen og kulturarven på ein levande og personleg involverande måte
- Prosjektarbeid i formidling – ide, skapande prosess og presentasjon.
Erfaringsbasert prosesslæring i grupper (workshops) kombinert med forelesingar og ekskursjonar
Obligatorisk deltaking på samlingane
EN 302 001 Entreprenørskap, emne 3: Formidlingsbasert gruppeeksamen
Vekting 40%
EN302 002 Entreprenørskap, emne 3: Munnleg, individuell eksamen
Vekting 60%
Er på ca 1000 sider og kan bli justert i samråd med studentane. Publikasjonar merka med * er i kompendium.
Rusten, G., Iversen, N.M og Hem, L.E 2007. Våronn med nye muligheter. Ressurs- og opplevelsesbasert verdiskaping på vestlandsbygdene, Fagbokforlaget: Bergen (344 sider)
Roth, Stacy F., Past into present: Effective Techniques for First-Person Historical Interpretation, 1998, (ca 100 sider)
Ham, Sam H. Interpretation: A Practical Guide for People with Big Ideas and Small Budgets (1992). Golden, Colorado, USA: Fulcrum/North American Press. (ca 200 sider)
*Veverka, John A. 1997: Interpretive Master Planning, Acorn Naturalists, Tustin, CA (63 sider)
* Div artiklar i Interpret Scotland (fagtidsskrift for utvikling av interpretasjonsplanlegging)
* Marit Jerstad: "Fortellerkunst", Kapittel: Metode. s.64-94, Mimir fotellerforlag 2002 (30 sider)
* Mats Rehmann: Berettelsens røst "I kunnskapens klettergård"- om det munnliga berettendets roll i skolan" s.209-255, Wahlstrøm & Widstrand 2002. (46 sider)
* Artiklar om prosessdrama. Dramaturgi og scenisk oppbygging.
* Artiklar om formidling i natur og friluftsliv.