Namn på studiet
Bruk av ikt i skulen
Studiepoeng
30
Organisering
Dette er eit studium i to delar, der kvar del tel 15 studiepoeng. Delar av studiet er nettbasert. Studentane må ha tilgang på internett.
Bruk av ikt i skulen 1 - 15 stp
Bruk av ikt i skulen 2 – 15 stp
Fagstoffet i del 2 byggjer på del 1.
Innleiing
HSF har i fleire år tilbydd vidareutdanninga IKT for lærarar. Med utgangspunkt i dette, og med naudsynt oppdatering til den nye læreplanen (L-06) si sterke vektlegging av " Å kunne bruke digitale verktøy" som grunnleggjande ferdigheit, har ein studieplankomitè utarbeidd innhaldet i studiet. Studieplankomitèen har vore samansett av 5 HSF-fagtilsette, 1 repr. frå studentane og 1 ekstern repr.. I tillegg har utkastet til emneplan vore til høyring hos skuleeigarar i Sogn og Fjordane.
Kompetanse / formell grad
Studiet inngår i den valfrie delen av den 4-årig lærarutdanninga og som vidareutdanningstilbod til lærarar i grunn- og vidaregåande skular. Emne 1 gjev studiepoeng for lærarstudentar i ein overgangsperiode. For studentar som tek til på lærarutdanninga hausten 2007, vil emne 1 inngå i grunnutdanninga.
Målgruppe
Studiet er relevant for lærarar i grunnskule og vidaregåande opplæring, og for studentar i allmennlærarutdanninga.
Mål for studiet
Studiet skal vera praktisk retta og gje studentane grunnleggjande fagleg kunnskap om bruk av IKT i skulekvardagen.
Studentane skal verta betre brukarar av IKT i arbeidet med læreplanen sin grunnleggjande ferdigheiter:
- å kunne uttrykkja seg munnleg
- å kunne uttrykkja seg skriftleg
- å kunne lesa
- å kunne rekna
- å kunne bruke digitale verktøy
I vektlegginga av det enkelte emne vert det teke omsyn til studentgruppa sine forkunnskapar, men slik at hovudmålet ligg fast: at studiet skal leggja hovudvekt på på bruk av IKT i skulen sitt læringsarbeid.
Opptakskrav / krav til forkunnskapar
Studentar i 3. og 4. studieår (gjeld i avgrensa periode) og personar med fullført lærarutdanning eller tilsvarande kompetanse. Studiet byggjer på at deltakarane er brukarar av informasjonsteknologi, men ønskjer å vidareutvikla bruken av digitale verktøy både i undervisning, planleggingsarbeid og kommunikasjon med elevar, foreldre og omverda.
Innhald / oppbygging
Studiet er bygd opp kring følgjande fire hovudemne:
- Grunnleggjande ikt
- It i samfunnet
- It-didaktikk
- Kommunikasjon- og samarbeidssystem
Undervisnings- og læringsformer
Studiet vert organisert med regionale samlingar. Opplegget vekslar mellom samlingar (regionale og lokale), eigenstudium og obligatoriske arbeidskrav.
Praksis
Lærarar som er i arbeid kan gjera arbeidskravet om praksis på eigen arbeidsplass. Studentar i grunnutdanninga vil få tilpassa eige praksisrelatert arbeidskrav.
Arbeidskrav
Arbeidskrav går fram av emneomtalane.
Sluttvurdering
Sluttvurdering går fram av emneomtalane.
Pensum
Rettleiande pensumliste vil liggja føre ved studiestart.