TRENARUTDANNING

Skriv ut Utskrift med emner
Namn på studiet
TRENARUTDANNING

Studiepoeng
30

Organisering
Høgskulen i Sogn og Fjordane står som fagansvarleg for heile studiet medan Norges Skiforbund ansvarleg for gjennomføringa av dei ulike trenarkursa i alpint. Trenarutdanninga er bygd opp med 15 sp. idrettsfagleg basis for trenarar (fysiologi, treningslære) og 10 + 5 sp i alpint. For ein detaljert oversikt over innhaldet, sjå omtale av det enkelte emne. Det vil bli lagt vekt på å integrere teori og praksis.

Studiet kan takast i sin heilskap som 30 studiepoeng eller som modular. Studentar som tidlegare har gjennomført årseining i kroppsøving (60 studiepoeng) treng ikkje gjennomføre emnet som omhandlar idrettsfagleg basis for trenarar. Dei vil då få godkjent 15 sp alpint som kan nyttast i oppbygging av utdanningsgrad eller som vidareutdanning.
For studentar som ynskjer å halde fram med utdanning i idrett kan delar av dette studiet godkjennast på 1. år idrett bachelor.

Studiet er eit betalingsstudium.
Studenten må sjølv dekke utgifter til reise, opphald og materiell til dette i tillegg til studieavgifta.


Kompetanse / formell grad

Studiet gjev kompetanse som Trenar 1,2 og 3 i skidisiplinen alpint. Studiet er ei sjølvstendig eining, og delar kan godkjennast i oppbygging av ein bachelorgrad.

Målgruppe

Ungdomar og vaksne som ynskjer trenarkompetanse

Mål for studiet

Siktemålet med studietilbodet er å tilføre idrettsorganisasjonane og skuleverket trenarkompetanse på høgt nivå. Studiet gjev såleis grunnlag for arbeid som trenar og instruktør. Studiet tek sikte på å gjere studentane godt kvalifisert til alpine aktivitetar i den frivillige idretten og skulen på alle nivå.

Kroppsøvingsfaget og idrettsorganisasjonane på alle nivå etterspør spesialkompetanse. Studiet tek særleg sikte på å utdanne praktisk kompetente trenarar og instruktørar.

Studiet har også som hovudmålsetjing å bidra til å sameine kompetansegjevande utdanning i kroppsøvingsfaget med idretten sine instruktør- og trenarkurs. Å få samla innsyn i verdiar, forståingsramme og metodikk som skule, idrett og andre interesseorganisasjonar representerar, meiner ein vil tene alle som skal arbeide med barn og unge.

Opptakskrav / krav til forkunnskapar

Opptakskrav til studiet er generell studiekompetanse eller realkompetanse. Opptakskrav til fordjupingskurs er godkjente grunnleggande kurs.

Undervisnings- og læringsformer

Hovudarbeidsforma i dei teoretiske emna vil vere førelesingar, gruppe- og individuelt arbeid. I dei praktiske timane vil det metodiske grunnlaget vere sentralt, saman med eigendugleik og meistring av sentrale rørslemønster. Praktisk og teoretisk lærestoff blir integrert i timane.

Praksis

Sjå emneomtalane

Arbeidskrav

Arbeidskrava går fram av emneomtalane.

Sluttvurdering

Sluttvurdering går fram av emneomtalane.

Pensum

Førebels pensumliste skal ligge føre ved studiestart.