GeoResources of Norway

Skriv ut Utskrift med emner
Namn på studiet
GeoResources of Norway

Studiepoeng
30

Organisering
Heiltid over eitt semester (vår).
Dette internasjonale studietilbodet utgjer i tillegg 4. semester av bachelorstudiet Anvendt geologi med petroleumsrelaterte fag ved HSF.

Kompetanse / formell grad

Fullført studium gir kvalifikasjonar for studentar innanfor studium retta mot naturressursar og geofag.
Studiet vert undervist på engelsk, og gir dermed ein språkleg tilleggskvalifikasjon for studentane.

Målgruppe

Studiet er obligatorisk for bachelorstudentar i Anvendt geologi med petroleumsrelaterte fag ved HSF. Studiet passer også inn som ein modul for internasjonale utvekslingsstudentar og/eller bachelorstudentar frå andre geo- og ressursstudium i Noreg.

Mål for studiet

Studiet skal gi studentane ei generell oversikt over ressursrelaterte emne innanfor eit geologistudium retta mot utnytting av ressursar med geofagleg nytte- og samfunnsverdi: Petroleum, grunnvatn, energi, mineral, lausmassar og turisme.

Opptakskrav / krav til forkunnskapar

90 studiepoeng i eit geofagleg eller ressursretta bachelorstudium ved oppstart. Det vert føresett at studentane har generell naturfagleg kunnskap.

Innhald / oppbygging

Studiet er eit geofagleg tilbod med særleg fokus på Vest-Noregs geologiske ressursar. Petroleums- og vassressursane har stått sentralt i oppbygginga av det industrielle Noreg; det same gjeld produksjon av energi, inkludert vasskraft, jordvarme og grunnvassvarme. Mineral og lausmassar er geologiske ressursar av samfunninteresse med omsyn til eksport, lagring/førekomst av grunnvatn og byggeverksemd. Ein ny ressurs er tilrettelegging og utnytting av geologiske attraksjonar i reiseliv. Denne delen vil vere eit naturlig grunnlag for det nye begrepet ”geoturisme”. Studiet har tre delemne, kvart på 10 studiepoeng:

- GExxx6 Petroleum and mineral resources
- GExxx7 Ground water resources and energy
- GExxx8 Geology and tourism

Sjå emneomtalane eller dei internasjonale websidene ved HSF for detaljar.
Studiet passar både for utanlandske og norske studentar. Studentane må sjølv dekke delar av utgifter til overnatting og opphald ved ekskursjonar og bedriftsbesøk.

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, tverrfagleg prosjektarbeid og ekskursjonar med laboratorieøvingar og feltarbeid og besøk på utvalde bedrifter.

Arbeidskrav

Godkjende praksis-, ekskursjons-, felt- og laboratoriejournalar.

Sluttvurdering

Kvart emne i studiet vert avslutta med ei eiga vurdering.