Namn på studiet
Lindrande behandling, pleie og omsorg 1 LI 301
Studiepoeng
15
Organisering
Studiet er eit samarbeid mellom Kreftforeningen, seksjon vest, Kompetansesenteret i Lindrende behandling, Helse Vest (KLB) og Høgskulen i Sogn og Fjordane.
Studiet er organisert som eit deltidsstudium over eitt semester med tre fellessamlingar på tilsaman 12 dagar
Innleiing
Helse- og sosialpolitisk har behandling, pleie og omsorg for menneske med sjukdom som ikkje kan lækjast, blitt satt i fokus dei siste åra. NOU 1997:2 ”Omsorg og kunnskap”; Norsk kreftplan, NOU 1999:2 ”Livshjelp” og Standard for Palliasjon 2004 seier at ressursar må settast inn for å auke kunnskap og kompetanse til dei som jobbar med menneske med sjukdom som ikkje kan lækjast.
Menneske med sjukdom som ikkje kan lækjast vil ha trong for både behandling, pleie og omsorg. Denne vidareutdanninga tek mål av seg til å dekkje delar av dette komplekse fagfeltet.
Lindrande behandling, pleie og omsorg vert ofte knytt til kreftpasientar og pasientar med kort forventa levetid. Prinsippa bak lindrande behandling, pleie og omsorg blir også nytta hos pasientar med progredierande nevrologiske lidingar og hos pasientar med anna alvorleg kroniske sjukdom. Hovudfokuset i denne vidareutdanninga vil vere dette utvida perspektivet.
Kompetanse / formell grad
Emnet utgjer ei sjølvstendig vidareutdanning på 15 studiepoeng.
Målgruppe
Helse- og sosialpersonell i første -og andrelinjetenesta
Mål for studiet
Overordna mål for studiet er å utdanne reflekterte yrkesutøvarar med høg yrkesetisk standard som kan ta initiativ til, organisere og setje i verk tiltak i samarbeid med menneske med sjukdom som ikkje kan lækjast, deira pårørande, frivillige medarbeidarar og dei andre yrkesgruppane innanfor lindrande (palliativ) virksomhet. Vidareutdanninga skal føre til at studentane ved fullført utdanning har oppdatert kunnskap om lindrande behandling, pleie og omsorg til mennesker med sjukdom som ikkje kan lækjast. Vidare vert det lagt vekt på at studentane utviklar evne til å tenkja nytt i framtidig yrkespraksis og at dei i samarbeid med pasient og pårørende, vert dyktige talsmenn og kvinner for en høy kvalitet i omsorgen for uhelbredeleg sjuke og døyande mennesker. Studiet skal føre til at studentane kan bidra i kvalitet- og utviklingsarbeid innanfor eige praksisområde.
Ved avslutta studium skal studentane ha:
- Kunnskap og forståing for korleis det kan opplevast å leve med alvorleg uhelbredeleg sjukdom, for den sjuke og pårørande.
- Kompetanse til å møte pasient og pårørandes behov for hjelp og støtte.
- Kunnskap om kommunikasjon og samhandling med pasient og pårørande.
- Økt innsikt i egen rolle som hjelper til alvorleg sjuke og døyande.
- Kompetanse i å kartlegge og lindre smerte
- Kompetanse til å vurdere smerter i eit heilskapleg perspektiv.
- Kompetanse i å kartlegge og lindre andre plagsame symptom ved alvorleg uhelbredeleg sjukdom, gjennom sjukdomsforløpet og den siste levetida.
- Kompetanse i å anvende erfarings- og forskningsbasert kunnskap i utøvelsen av palliativ virksomhet
Opptakskrav / krav til forkunnskapar
3- årig helse- eller sosialfagleg utdanning og minimum eitt års relevant klinisk erfaring etter fullført utdanning. Søkjarar med anna høgskule- eller universitetsutdanning og søkjarar med realkompetanse kan takast opp etter særskild vurdering.
Innhald / oppbygging
Vidareutdanning i Lindrande behandling, pleie og omsorg er tverrfagleg.
Emnet er bygd opp omkring 3 tema:
Helse og sjukdom i eit lindrande perspektiv
- Å leve med alvorleg, uhelbredeleg sjukdom
- Palliasjon og hospicefilosofien
- Eit heilskapleg menneskesyn, syn på helse
- Sorg og sorgarbeid
- Eksistensielle behov
- Det lidande menneske
- Pårørande sin situasjon
- Kunnskapsbasert praksis
Kommunikasjon
- Kommunikasjon og relasjon
- Egen rolle som hjelper og i samhandling med andre
Smerte- og symptomlindring
- Smertefysiologi og smertekartlegging
- Prinsipp ved smertelindring
- Smertestillende medikament
- Anna smertebehandling
- Symptomlindring til døande
- Uro, delir, angst og depresjon
- Kartlegging, utgreiing og behandling av symptom:
- Tretthet/Fatigue
- Tungpust
- Kvalme
- Obstipasjon/diare
- Matlyst/ernæring
- Munntørrheit
- Og tilstander grunna:
- Truande tverrsnitt lammelse
- Endringar i blodbildet
- CNS, tumor, metastase
Undervisnings- og læringsformer
Læring er ein aktiv prosess med vekt på ulike former for kunnskap og faginnhald, og studiet skal inspirere til aktiv studentdeltaking. Det er ynskjeleg at studentane er i dialog med si eiga erfaring og med ny kunnskap som vert formidla av andre i faglitteratur, fellessamlingar eller praksis. Praksis og eiga erfaring før studiet er viktig kunnskap. Å vere i ein læreprosess kan omtalast som ein periode med merksemd på refleksjon og vurderingar av eigne erfaringar og ny kunnskap.
Studiet vert organisert som deltidsstudium og gjev difor gode rammer for refleksjon og arbeid med fagstoffet over tid.
Det vil bli brukt varierte arbeidsformer for å nå målet med studiet, til dømes førelesningar, seminar, sjølvstudium, arbeidskrav, gruppearbeid, refleksjonsgrupper.
Arbeidskrav
80% frammøte på fellessamlingane.
Eit skriftleg arbeid som kan gjennomførast individuelt eller i gruppe .
Sluttvurdering
LI 301 Individuell skriftleg heimeeksamen - 3000 ord. Greidd/ikkje greidd
Ved "ikkje greidd" kan studenten arbeide vidare med oppgaven til ny innlevering.