Study Programmes 06/07 / Study Programmes / FACULTY OF ENGINEERING AND... / Naturfag til glede og nytte NA 400  

Naturfag til glede og nytte NA 400

Skriv ut Utskrift med emner
Namn på studiet
Naturfag til glede og nytte NA 400

Studiepoeng
30 (tilsvarar 10 vekttal)

Organisering
Studiet er eit deltidsstudium over tre år med oppstart våren - 07.



Innleiing

Naturfag til glede og nytte - få inspirasjon til undervisninga er utarbeidd i samarbeid mellom Utdanningsavdelinga hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Høgskulen i Sogn og Fjordane. Bakgrunnen er Kunnskapsløftet sitt krav til auka kompetanse i naturfag.

Studiet er ei målretta satsing over tre år på kompetanseheving i naturfag i grunn- og vidaregåande skular i Sogn og Fjordane. Lærarar som ønskjer å ta studiet som vidareutdanning må vere knytte til skular som skal delta i denne satsinga. Dei får rolla som prosjektleiar ved eigen skule og ansvar for å rettleie kollegaer som deltek i prosjektet som etterutdanning utan å ta eksamen. Det kan vere eit eller fleire prosjekt ved kvar skule.

Undervisninga vil gå føre seg på fellessamlingar med tilbod om ulike fagbaserte verkstader der alle deltakarane skal delta på sjølvvalde verkstader.

Mellom samlingane vert studentane frå dei ulike skulane organiserte i regionale studieringar.

Høgskulen i Sogn og Fjordane har ansvar for rettleiing av studentane gjennom to ulike rettleiingsgrupper; rettleiingsgruppe PROSJEKT ( modul A) og rettleiingsgruppe FAG ( modul B).

Kompetanse / formell grad

Vidareutdanning i naturfag, 30 studiepoeng.

Målgruppe

Lærarar i grunn- og vidaregåande skule eller andre som underviser i naturfag.

Mål for studiet

Studiet skal gje fagleg og didaktisk vidareutdanning i naturfag tilpassa kompetansemåla i den nye læreplanen (Kunnskapsløftet).

Opptakskrav / krav til forkunnskapar

Generell studiekompetanse.

Innhald / oppbygging

Studiet er delt i to modular:

  • Utviklingsarbeid i naturfag - skuleprosjekt ( modul A)
  • Fagdel med verkstader ( modul B)

Modul A: Utviklingsarbeid i naturfag - skuleprosjekt

  • Prosjektet skal styrke naturfagundervisninga ved eigen skule ved å gjennomføre fornying i fagleg og didaktisk innhald. Prosjektet skal ha fokus på fagleg innhald, undervisningsformer og bruk av naturfagrom, newtonrom og utstyr.
  • Prosjektet skal vere forankra i kompetansemåla i naturfag i læreplanen (Kunnskapsløftet) og vere med i skulen sin utviklingsplan.
  • Studenten er prosjektleiar for prosjektet på eigen skule. Prosjektet skal ha deltakarar frå kollegiet og skal involvere heile skulen i endringsprosessen. T.d. kan ein kople undervisning i norsk-, matematikk, kroppsøving, kunst og handtverk, etikk i KRL faget, samarbeid med lokalmiljøet og lokalt næringsliv til naturfagundervisninga.

Modul B: Fagdel med verkstader

Det faglege innhaldet vert presentert og gjennomgått på ulike verkstader på fellessamlingane. Det som vert presentert og gjennomgått på samlingane vert følgt opp gjennom arbeid i lokale studieringar for skulane i kvar region.

Følgjande hovudemne inngår i studiet sin fagdel:

a) Forskarspiren – barne- og ungdomstrinnet og Vg1 (gjennomgripande stoff)

b) Fenomen og stoff – barne- og ungdomstrinnet

c) Mangfald i naturen – barne- og ungdomstrinnet

d) Kropp og helse – barne- og ungdomstrinnet

e) Verdsrommet – barne- og ungdomstrinnet

f) Teknologi og design – barne- og ungdomstrinnet

g) Berekraftig utvikling – Vg1

h) Ernæring og helse – Vg1

i) Stråling og radioaktivitet – Vg1

j) Energi for framtida – Vg1

k) Bioteknologi – Vg1

Undervisnings- og læringsformer

Modul A: Utviklingsarbeid i naturfag - skuleprosjekt
Modul A inneheld prosjektarbeid (gruppe) ved eigen skule med rettleiing og deltaking i studieringar (sjå under modul B). Prosjektet er delt i to delar, forprosjekt våren 2007 og hovudprosjekt fram til våren 2009. Forprosjektet går ut på å presisere nærmare kva hovudprosjektet skal gå ut på og korleis prosjektgruppa har tenkt å arbeide vidare.

Det skal skrivast rapportar frå prosjektet. Ein forprosjektrapport før start på hovudprosjektet, korte undervegsrapportar kvart semester, og ein endeleg prosjektrapport. Rettleiingsgruppe PROSJEKT har ansvaret for rettleiing og godkjenning av arbeidskrav i modul A.

Modul B: Fagdel med verkstader
Modul B er bygd på samlingar med verkstader, studieringar og sjølvstendig studiearbeid. Samlingane går føre seg kvart semester. Ein verkstad er ei korttidssamling frå ein til fleire timar over eit bestemt tema. Verkstaden kan vere ei førelesing, ein ekskursjon til ei bedrift eller i eit naturområde, ein demonstrasjon og/eller praktisk arbeid.

Studentane kan velje eit individuelt tilpassa studieopplegg gjennom deltaking på minst 20 verkstader eller tilsvarande. Val av verkstader bør passe til dei val av hovudemne i læreplanen studenten har gjort i søknaden sin til studiet.

Ein studiering er ei samling av studentar innan ein viss region i fylket som møtast for å arbeide med både modul A og B i studiet. Studieringane kan m.a utfordre kvarandre i faglege og didaktiske spørsmål og melde spørsmål til rettleiingsgruppene. Studieringane skal løyse faglege oppgåver som blir gjevne. Studentane kan også få noko individuell fagleg rettleiing. Rettleiings- gruppe FAG har ansvaret for rettleiing, utarbeiding av oppgåver og godkjenning av arbeidskrav til modul B.

Rettleiing
All informasjon og mykje av kommunikasjonen ved rettleiing under begge modulane blir gjeve ved hjelp av dataverktøyet Fronter og/eller ved bruk av e-post. Det vil bli gitt ei kort opplæring i Fronter på fyrste samling for dei som ikkje er kjent med programmet.

Praksis

Det er føresett at studenten skal undervise i naturfag ved eigen skule i heile tidsrommet studiet går.

Arbeidskrav
  • Studenten skal delta på minimum 20 verkstader eller tilsvarande.
  • Studenten skal delta aktivt i ein studiering. Studieringen skal levere i alt fire skriftlege arbeid til rettleiingsgruppe FAG (eitt arbeid per semester). Oppgåvene vert delt ut etter kvar samling.
  • Studenten skal levere fire undervegsrapportar og ein sluttrapport frå prosjektet ”Utviklingsarbeid i naturfag” (modul A).
  • Studenten skal gjennomføre ei skriftleg vurdering av eigne læreverk i forhold til supplerande og alternative læringsressursar, og i forhold til det ein har lært på samlingane.
Sluttvurdering

Modul A: Utviklingsarbeid i naturfag - skuleprosjekt NA400 001
Individuell munnleg eksamen basert på innlevert skriftleg prosjektrapport våren 2009. Her skal studenten gje ei eiga vurdering av om skulen har lukkast med å endre innhald og undervisningsformer i naturfag. Studenten må dessutan gjere greie for korleis skulen vil vidareføre arbeidet med å styrke undervisninga i naturfag. Vekting 1/3.

Modul B: Fagdel med verkstader NA400 002
Individuell munnleg eksamen. Våren 2009. Vekting 2/3.

  • Her vert studenten prøvd i faglege og didaktiske moment knytt til kompetansemåla i læreplanen (Kunnskapsløftet)
  • Studenten må kunne gjere greie for korleis han/ho vil legge opp undervisninga i eitt av hovudemna i læreplanen.
  • Studenten skal kunne svare for kva som kan gå galt og kvifor det gjekk galt, dersom forsøk ikkje går som planlagt.

Bokstavkarakterar

Pensum
  • Litteratur frå dei verkstadane ein deltek på (minimum 20), eller anna utvald litteratur.
  • Referanselitteratur: Læreverk i naturfag, fysikk, kjemi og biologi for vidaregåande skule og læreverka i naturfag for grunnskulen.
  • Pensumlitteratur som kjem i tillegg til pensumlitteratur knytt til verkstadene vil bli presentert før samlinga i april.