Studiet er eit deltidsstudium over tre år med oppstart våren - 07. Studiet er delt i to modular; ein prosjektdel og ein fagdel.
Naturfag til glede og nytte - få inspirasjon til undervisninga er utarbeidd i samarbeid mellom utdanningsdirektøren og Høgskulen i Sogn og Fjordane. Bakgrunnen er Kunnskapsløftet sitt krav til auka kompetanse i naturfag.
Studiet er ei målretta satsing på kompetanseheving i naturfag ved skulane i Sogn og Fjordane. Lærarar som ønskjer å ta vidareutdannninga må vere knytte til skular som skal delta i denne satsinga. Dei får rolla som prosjektleiar ved eigen skule. Det kan vere ein eller fleire prosjektleiarar ved kvar skule. Andre lærarar ved same skule kan delta i etterutdanninga utan å ta eksamen.
Undervisninga vil gå føre seg på fellessamlingar med tilbod av ulike fagbaserte verkstader der alle deltakarane skal delta på ulike sjølvvalde verkstader.
Mellom samlingane vert studentane organisert i geografisk baserte studieringar.
Høgskulen i Sogn og Fjordane har ansvar for rettleiing av studentane gjennom to ulike rettleiingsgrupper; rettleiingsgruppe FAG og rettleiingsgruppe PROSJEKT.
Vidareutdanning i naturfag, 30 studiepoeng.
Lærarar i grunnskule og vidaregåande skule som underviser i naturfag.
Studiet skal gje fagleg og didaktisk vidareutdanning i naturfag tilpassa kompetansemåla i den nye læreplanen (Kunnskapsløftet).
Fullført allmennlærarutdanning eller minimum 3 år høgre utdanning og praktisk- pedagogisk utdanning.
Studenten skal undervise i naturfag ved eigen skule i heile tidsrommet studiet går.
Prosjekt
- Studenten er prosjektleiar for prosjektet. Prosjektet skal i tillegg ha andre deltakarar frå kollegiet ved eigen skule og skal involvere heile skulen i endringsprosessen. T.d. kan ein kople undervisning i norsk-, matematikk, kroppsøving, kunst og handtverk, og etikk i KRL faget til naturfagundervisninga.
- Prosjektet har som mål å styrke naturfagundervisninga ved eigen skule ved å gjennomføre fornying i fagleg og didaktisk innhald. Prosjektet skal ha fokus på fagleg innhald, undervisningsformer og bruk av naturfagrom, newtonrom og utstyr.
- Prosjektet skal vere forankra i kompetansemåla i naturfag i læreplanen (Kunnskapsløftet) og vere med i skulen sin utviklingsplan.
Fagleg innhald
Det faglege innhaldet vert presentert og gjennomgått på ulike verkstader på fellessamlingane.
Følgjande hovudemne inngår i studiet sin fagdel:
a) Forskarspiren – barne- og ungdomstrinnet og Vg1 (gjennomgripande stoff)
b) Fenomen og stoff – barne- og ungdomstrinnet
c) Mangfald i naturen – barne- og ungdomstrinnet
d) Kropp og helse – barne- og ungdomstrinnet
e) Verdsrommet – barne- og ungdomstrinnet
f) Teknologi og design – barne- og ungdomstrinnet
g) Berekraftig utvikling – Vg1
h) Ernæring og helse – Vg1
i) Stråling og radioaktivitet – Vg1
j) Energi for framtida – Vg1
k) Bioteknologi – Vg1
Verkstader
- Kvar student får eit individuelt tilpassa studieopplegg der det inngår deltaking på minimum 20 verkstadar.
- Studenten har ansvar for å melde seg på verkstadar som tek opp tema der ein meiner ein treng meir kunnskap.
Studieringar
- Studeringane startar med å legge fram og drøfte prosjektplanane til dei ulike skulane. Deretter drøftar studieringane korleis ein kan legge opp undervisninga knytt til dei ulike hovudemna i læreplanen, t.d. fenomen og stoff, kropp og helse, mangfald i naturen, teknologi og design, bioteknologi m.m.
- Studentane arbeider med fagstoffet sjølvstendig og i studieringar. Spørsmål skal drøftast i studieringane.
- Studieringane skal utfordre kvarandre i faglege og didaktiske spørsmål.
- Studieringane kan melde faglege spørsmål til rettleiingsgruppe FAG og spørsmål om utviklingsarbeidet på eigen skule til rettleiingsgruppe PROSJEKT.
- Studieringane skal ein gong i semesteret levere og få tilbakemelding på oppgåver frå Høgskulen i Sogn og Fjordane.
Gjennoføring av prosjektet
- Ei førebels prosjektskisse skal føreligge til samlinga 18. april -07. Rettleiingsgruppe Prosjekt vil gje tilbakemelding på prosjektskissa på samlinga.
- Endeleg prosjektskisse skal vere klar innan 15. juni 2007.
- Rettleiingsgruppe PROSJEKT ved Høgskulen i Sogn og Fjordane skal godkjenne prosjektskissa frå kvar deltakande skule.
- Endeleg prosjektskisse skal leverast rettleiingsgruppe Prosjekt ved Høgskulen i Sogn og Fjodane for godkjenning.
Rapportar
- Prosjektleiar skal levere ein milepelrapport på maksimum 5 sider om prosjektet ein gong per semester. Her skal framdrifta på prosjektet vurderast i høve prosjektet sine mål og delmål.
- Milepelsrapportane skal godkjennast av skulen si leiing og deretter oversendast rettleiingsgruppe PROSJEKT ved Høgskulen i Sogn og Fjordane for endeleg godkjenning.
- Vinteren 2009 skal studenten levere ein endeleg prosjektrapport som dokumenterer alle sider ved prosjektarbeidet, m.a. ein eigen vurdering av endringar i naturfag-undervisninga ved skulen frå 2007-2009.
Rettleiing
- Rettleiingsgruppene svarer på spørsmål frå studieringane.
For 2007 er det sett av 30 rettleiingstimar, i 2008 er det sett av 40 rettleiingstimar, og i 2009 er det sett av 20 rettleiingstimar i året til kvar studiering. Totalt vil kvar studiering i løpet av studiet få tilbod om 90 rettleiingstimar fordelt på prosjekt og fagdel