Rettleiingspedagogikk

Skriv ut Utskrift med emner
Namn på studiet
Rettleiingspedagogikk

Studiepoeng
10

Organisering
3 fellessamlingar, til saman 6-7 dagar

Innleiing

Deltidsstudium over eitt–to semester. Etter Rammeplan for pedagogisk veiledning KUF 04.11.1991, modul 1 og utdrag av Rammeplan for videreutdanning i praisisveiledning, KUF 07.06.1995

Kompetanse / formell grad

Studiet utgjer 10 studiepoeng, og kan takast aleine, eller som del av Vidareutdanning i rettleiing, 30 studiepoeng. Studiet kan erstatte Emne 1 i Vidareutdanning i rettleiing.

Målgruppe

Trafikklærarar og andre som utfører rettleiing i yrket sitt.

Mål for studiet

Emnet skal gje grunnleggande kunnskap i rettleiingsteori og rettleiingsmetodikk i utdanning og yrkesliv. Etter avslutta studium skal deltakarane kunne fungere som rettleiar overfor aktuell målgruppe.

Deltakarane skal etter å ha gjennomgått studiet

  • forstå rettleiingsprosessen som ein fagleg og personleg utviklingsprosess.
  • kjenne til ulike rettleiar-roller og når dei kan nyttast.
  • vere medveten eiga rolle og eigne kommunikasjonsferdigheitar.
  • identifisere rettleiingsbehov og tilpasse rettleiinga til desse
  • kunne gje rettleiing i samsvar med faget sine mål og verdiar og overordna rammer
  • ha kunnskap om ulike former og metodar for rettleiing
  • rettleie slik at det fremmar vegsøkjars refleksjon over eigne erfaringar og teori.
  • kunne reflektere over og grunngje eiga rettleiing
Opptakskrav / krav til forkunnskapar
  • Trafikklærarutdanning
  • 1 års yrkespraksis etter endt utdanning

Søkjarar med realkompetanse kan takast opp etter særskilt vurdering.

Innhald / oppbygging

Studiet legg vekt på ein rettleiingsstrategi prega av reflekterande rettleiing. Studentane skal utvikle forståing for og handlingskompetanse i høve til nokre sentrale sider ved kommunikasjons- og gruppeprosessen i rettleiingssituasjonar, og sjølve kunne gjennomføre rettleiing med bruk av hovudtrekka i rettleiingsstrategien.

  • Rettleiingsomgrepet og rettleiingsretningar
  • Fagleg og pedagogisk rettleiing
  • Læring og kompetanse
  • Rettleiing som lærings- og samspelsprosess
  • Rettleiingsprosessar og –metodar, ulike verktøy i rettleiing
  • Planlegging, gjennomføring og evaluering av rettleiing
  • Rettleiarroller
  • Individuell- og grupperettleiing
  • Etikk og rettleiing
Undervisnings- og læringsformer

3 fellessamlingar, mellomliggande arbeid. Gjennomføring av rettleiingspraksis, primært på eigen arbeidsplass. Fellessamlingane er lagt opp med forelesningar, praktiske øvingar i rettleiing og gruppearbeid. Studentane får rettleiing individuelt og i gruppe.

Arbeidskrav
  • Godkjent skriftleg plan for rettleiingspraksis
  • Gjennomført rettleiingsprosjekt på 10 timar
  • To loggar frå rettleiingspraksis
  • 80% frammøte
Sluttvurdering

PR 134 Individuell skriftleg rapport frå rettleiingspraksis.

Vurdert til greidd/ikkje greidd

Pensum

Halland, Geir O (2004): Læring gjennom stimulerende samspill. Veiledning, vurdering, ledelse. Bergen: Fagbokforlaget. Kap. 4-15, 21-22.

http://ask.bibsys.no/ask/action/show;jsessionid=0000XYXGIl5towHvbZhwOSaMN4d:116t9p56j?pid=041750659&kid=biblio

Handal, Gunnar og Lauvås, Per (1999): På egne vilkår. Oslo: Cappelen Akademisk Forlag. Heile boka.

http://ask.bibsys.no/ask/action/show;jsessionid=0000XYXGIl5towHvbZhwOSaMN4d:116t9p56j?pid=990519570&kid=biblio

Skagen, Kaare (2004): I veiledningens landskap. Innføring i veiledning og rådgivning.

Kristiansand: Høyskoleforlaget. Kap. 1,2,3,7,8,10,12.

http://ask.bibsys.no/ask/action/show;jsessionid=0000XYXGIl5towHvbZhwOSaMN4d:116t9p56j?pid=041618572&kid=biblio

Tveiten, S. (2002): Veiledning – mer enn ord… Bergen: Fagbokforlaget 2002. S 9-114.

http://ask.bibsys.no/ask/action/show;jsessionid=0000XYXGIl5towHvbZhwOSaMN4d:116t9p56j?pid=02158219x&kid=biblio

Kompendium, vert utdelt ved oppstart.

Illeris, Knud (2006): Læring. Fredriksberg: Roskilde Forlag. Kap. 3.

Kvalbein, A. (1999): God kontakt. Praktisk kommunikasjonslære. Kristianssand:IJ-forlaget/Høgskoleforlaget. Kap. 3,7 og 17.

Ein-to artiklar utdelt i undervisninga

Til saman ca 650 sider