Emne i Rettleiing for høgskuletilsette.
Emnet går over eitt semester.
Føremålet er at deltakarane si tekstrettleiing skal føre til betre kvalitet på studentane sine tekstar og skriveprosessar. Målet er å gje deltakarane betre innsikt og handlingskompetanse i å rettleie på ulike fagtekstar, og utvikle kvalitet når det gjeld rettleiing og respons på tekstar. Det er òg eit mål å gjera deltakarane tryggare på det dei skriv sjølve.
Studiet er lagt opp med vekt på deltakaraktivitet, utprøving av ulike arbeidsformer og med ei utforskende tilnærming. Deltakarane vil arbeide med ulike oppgåver knytt til eige arbeid undervegs. Det vert lagt opp til praktisk eigentrening i tilbakemelding og rettleiing der deltakerne får tilbakemelding av kvarandre. Deltakarane vil sjølve kunne påverke utforminga av innhaldet i studiet, mellom anna ved å ta med seg eigne erfaringer som kan vere utgangspunkt for nærare analysar.
Fellessamlingane er totalt fire dagar (2+1+1). Mellom fellessamlingene arbeider deltakarane med ulike oppgåver knytt til eige arbeid.
Deltaking på samlingane, 80 %.
To mindre arbeid som tek utgangspunkt i eigen rettleiing på fagtekst. Respons på arbeidskrav skjer i mindre grupper på samlingane.
Refleksjonsnotat knytt til eiga skriving/eigen kommentarpraksis, omfang 5 sider.
Greidd/ikkje greidd.
Dysthe, Olga, Hertzberg, Frøydis, Hoel, Torlaug Løkensgard: Skrive for å lære: skriving i høyere utdanning: Portalserien, Abstrakt, Oslo 2000
Utdrag frå: Rienecker, Lotte, Harboe, Thomas og Stray Jørgensen, Peter (2005): Vejledning - en brugsbog for opgave- og specialevejledere på videregående uddannelser. Fredriksberg: Forlaget Samfundslitteratur
Artiklar utdelt i undervisninga.