Namn på studiet
Filosofi med barn og unge
Studiepoeng
30
Organisering
Studiet er eit deltidsstudium på to emne, der kvart emne tel 15 studiepoeng. Det er valfritt om ein vil ta eit eller begge emna. Studiet er basert på fysiske samlingar samt kommunikasjon via nettet. Alle studentar må ha tilgang til internett.
Filosofi med barn og unge - emne 1: Den filosofiske samtalen, 15 stp
Filosofi med barn og unge - emne 2: Filosofi, etikk og læring, 15 stp
Innleiing
Filosofi med barn og unge er eit studium som har element frå både pedagogikk og filosofi, med fokus på både teoretiske perspektiv og praktisk handling.
Kompetanse / formell grad
Vidareutdanning/etterutdanning
Målgruppe
Studiet er først og fremst retta mot lærarar og førskulelærarar i skule og barnehage, men også mot andre som arbeider med barn og unge.
Mål for studiet
Kurset skal gi ei teoretisk og praktisk innføring i filosofi og filosofiske spørsmål, feltet filosofi med barn og unge, og korleis ein kan nytte filosofisk innsikt i arbeidet med barn og unge.
Opptakskrav / krav til forkunnskapar
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Innhald / oppbygging
- Innføring i filosofisk tenking med vekt på den filosofiske samtalen
- Filosofiske og etiske perspektiv knytt til læring, utdanning og individ/samfunn
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, seminar, individuelle studiar, gruppearbeid
Ved sida av meir tradisjonelle oversiktsførelesingar vil det bli lagt vekt på aktive læringsformer der studentane prøver ut og deler erfaringar med kvarandre.
Praksis
Sjå nærare presisering for kvart emne.
Arbeidskrav
Sjå emneomtale
Sluttvurdering
Sjå emneomtale
Pensum
Sjå emneomtale