Valfritt emne i 5. semester på bachelorstudiet i økonomi og administrasjon (første gong hausten 2008).
Norske og internasjonale marknader blir meir og meir samanvevde. Det gjeld konkurranseutsette næringar som reiseliv, olje, fisk, metall og treforedling. Men det gjeld og næringar som tradisjonelt har vore meir beskytta mot utanlandsk konkurranse, som t.d. kraftproduksjon og bankverksemd. Ja, sjølv budsjettet til ein kommune kan bli påverka av endringar i internasjonalt rentenivå eller oppgang i internasjonal oljepris.
Dette kurset gir studentane ei innføring i drivkreftene bak internasjonal handel og finans. Spesiell vekt blir lagt på samfunnsøkonomiske modellar for kva som styrer verdien på valutakurs, prisnivå og renter. Deretter ser vi på korleis vi måler ei bedrift si eksponering for t.d. valuta, rente eller prisrisiko og korleis vi kan bruke finansielle instrument som terminkontraktar, swappar eller opsjonar for å redusere denne risikoen.
Vi vil invitere ein til to gjesteførelesarar frå energisektoren til å gi døme på praktisk arbeid med finansiell risikostyring og handel med finansielle instrument for å skape gevinst.
Studentane må ha grunnleggjande kompetanse i fagområda makro, finans og matematikk tilsvarande kursa SØ6-100, MA6-100 og BØ6-200.
Del I: Internasjonal økonomi
- Modellar for internasjonal handel
- Modellar for rente, valuta og prisnivå
Del II: Bruk av finansielle instrument
- Modellar for å måle risiko
- Bruk av finansielle instrument for å avdekke eller ta risiko
Førelesingar og gruppearbeid. Studentpresentasjonar. Øvingar i datalab.
To godkjende innleveringsoppgåver.
Skriftleg eksamen, 4 timar. Bokstavkarakter.
Krugman, Paul R. and Obstfeld, Maurice (2006): International Economics, Pearson Higher Education, ISBN:
9780321364067.
Madura, Jeff and R. Fox (2007): International Financial Management, Thomson Learning, ISBN:
9781844803606.
Tilleggslitteratur på norsk.