Trenarutdanning

Skriv ut Utskrift med emner
Namn på studiet
Trenarutdanning

Studiepoeng
30

Organisering

Sogn og Fjordane idrettskrins står som administrativt ansvarleg og Høgskulen i Sogn og Fjordane står som fagansvarleg for studiet. Norges Skiforbund, Norges Fotballforbund og Norges Friidrettsforbund er ansvarleg for gjennomføringa av dei ulike trenarkursa, langrenn, alpint, telemark, fotball og friidrett.

Trenarutdanninga er bygd opp med 15 sp. treningslære som er obligatorisk og 15 sp i dei ulik trenarkursa. Dei ulike trenarkursa gir utteljing med 5 sp for trenar 1 og 2 i skidisiplinane og 5 sp trenar 1 i fotball og friidrett. Trenar 3 i skidisiplinane gir 10 sp og tilsvarande 10 sp for trenar 2 i fotball og friidrett. For ein detaljert oversikt over innhaldet, sjå omtale av det enkelte emne.

Studiet kan takast i sin heilskap som 30 studiepoeng eller som einskildemne. Studentar som tidlegare har gjennomført årseining i kroppsøving (60 studiepoeng) kan etter søknad få fritak frå emnet som omhandlar treningslære. For studentar som ynskjer å ta vidare utdanning i idrett kan delar av dette studiet godkjennast på 1. år idrett bachelor(B1).

Undervisninga tilknytt skitrenarutdanninga skjer i Stryn og på Strynefjellet Sommarskisenter. Ein del av undervisninga kan ved snømangel skje i form av kurs/ praksisundervisning andre stadar enn Stryn. Undervisninga tilknytt fotball- og friidrettstrenarutdanninga skjer i utgangspunktet i Stryn, men andre stadar kan og vere aktuelle.

Studiet er eit betalingsstudium.
Studenten må sjølv dekke utgifter til reise, opphald og materiell i tillegg til studieavgifta.



Kompetanse / formell grad

Studiet gjev kompetanse som Trenar 1, 2 og 3 i skidisiplinane langrenn, telemark og alpint. I fotball og friidrett får du kompetanse som trenar 1 og 2 etter gjennomført studium.

Studiet er ei sjølvstendig eining. Delar av trenarkursa kan godkjennast i oppbygging av ein bachelorgrad på same måte som emnet i treningslære.

Målgruppe

Ungdomar og vaksne som ynskjer trenarkompetanse

Mål for studiet

Siktemålet med studietilbodet er å tilføre idrettsorganisasjonane og skuleverket trenarkompetanse på høgt nivå. Studiet gjev såleis grunnlag for arbeid som trenar og instruktør. Studiet tek sikte på å gjere studentane godt kvalifisert til å bruke ski-, fotball- og friidrettsaktivitetar i den frivillige idretten og skulen på alle nivå. I studiet vel studentane kurs innan langrenn, telemark, alpint, fotball og friidrett.

Kroppsøvingsfaget og idrettsorganisasjonane på alle nivå etterspør spesialkompetanse. Studiet tek særleg sikte på å utdanne praktisk kompetente trenarar og instruktørar ved å bruke storparten av undervisningsressursen til praktisk retta fordjupingskurs. Studiet har også som hovudmålsetjing å bidra til å sameine kompetansegjevande utdanning i kroppsøvingsfaget med idretten sine instruktør- og trenarkurs. Skulen, idretten og andre organisasjonar har utvikla eigne grunnsyn for korleis tilrettelegging og organisering av fysisk aktivitet for barn og unge skal vere. Syna er langt på veg samanfallande, men det fins og viktige skiljelinjer. Å få samla innsyn i verdiar, forståingsramme og metodikk som skule, idrett og andre interesseorganisasjonar representerar, meiner ein vil tene alle som skal arbeide med barn og unge.

Opptakskrav / krav til forkunnskapar

Opptakskrav til studiet er generell studiekompetanse eller realkompetanse. Opptakskrav til trenar 2 og trenar 3 kursa er godkjente grunnleggande kurs. Trenarkurs gjennomført i løpet av dei siste 5 åra kan godkjennast (ved dokumentasjon) i utdanninga

Innhald / oppbygging

Studiet inneheld desse emna:

15 SP. TRENINGSLÆRE (obligatorisk)

15 SP. VAL AV IDRETTANE LANGRENN, TELEMARK, ALPINT, FOTBALL OG FRIIDRETT

Undervisnings- og læringsformer

Hovudarbeidsforma i dei teoretiske emna vil vere førelesingar, gruppe- og individuelt arbeid. I dei praktiske timane vil det metodiske grunnlaget vere sentralt, saman med eigendugleik og meistring av sentrale rørslemønster. Praktisk og teoretisk lærestoff blir integrert i timane.

Praksis

Trenarpraksis må gjennomførast på trenar 1 kursa med eit omfang på minst 20 timar.

Arbeidskrav

Arbeidskrava går fram av emneomtalane.

Sluttvurdering

Sluttvurdering går fram av emneomtalane.

Pensum

Førebels pensumliste skal ligge føre ved studiestart.