Utvikle trenarar som skapar god aktivitet og eit godt miljø på skitreningane for born og ungdom. Utdanne trenarar som legg til rette for tilpassa aktivitet for ulike dugleiksnivå.
Effektiv trening på flater, i bratt terreng, i bakke og på barmark. Utvikling av skiteknikk, trening og utvikling av fysiske eigenskapar, preparering av ski, miljø og trenarrolla, utvikling av gode ungdomsmiljø, ski som aktivitet i skulen, spesielle utfordringar.
Emnet utgjer ca 48 undervisningstimar, fordelt på forelesingar, praktiske øvingar med refleksjon og prosjekt orientert undervisning.
Studentane skal vere trenar/hjelpetrenar for langrennsutøvarar under utdanninga.
Trenarpraksisen skal vere på minst 20 timar.
Praktiske øvingar og trenarpraksis er obligatorisk. Greidd praksis.
ID3-119 Trenar 1+2 Langrenn: Praksisrapport. Rapporten skal ta utgangspunkt i ein praksisrelatert problemstilling, og innehalde planlegging av praksis, gjennomføring og refleksjonar i etterkant av praksis. Bokstavkarakter
Førebels pensumliste skal ligge føre ved studiestart.